I går overrekte Eirik sine klassekameratar, Kristoffer Magnus Pettersen og Oline Dale på vegner av skulen, den store sjekken til leiar Ann Kathrin Sivle i Foreningen for hjertesyke barn i Hordaland.

Godviljeveke

Leirvik skule sine 350 elevar arrangerte i slutten av april ei Godviljeveke med ei rekkje aktivitetar på tvers av klassane. I tillegg til kafédrift og kunstutstilling arrangerte elevane ein minnemarsj i Landåsen for Eirik Sørheim Nylund som døydde like etter skulestart i fjor, få veker etter ein flott ferietur til Kristiansand i regi av Foreningen for hjertesyke barn.

Inntekta av Godvilje-arrangementa let skulen i år gå til Foreningen for hjertesyke barn.

Veldedige føremål

— Vi plar gje pengar frå tilsvarande arrangement til veldedige føremål. Dette er den største summen vi nokon gong har samla inn, seier rektor Claus Junger.

— Ei flott gåve til ein organisasjon med trong økonomi. Eg reknar med at pengane går med til eit foreldreseminar på Stord til hausten, seier leiar Ann Kathrin Sivle i Foreningen for hjertesyke barn i Hordaland.

Ho kvitterte med ein liten statue av mor og barn til Leirvik skule.

Foreningen for hjertesyke barn i Hordaland har 370 medlemmer og representerer rundt 160 hjartesjuke born under 18 år.

HJARTELEG: Kristoffer Magnus Pettersen og Oline Dale i 5. klasse på Leirvik skule overrekte i går 38.000 kroner til Foreningen for hjertesyke barn, og fekk ein mor og barn-byste som takk frå Hordaland-foreininga sin leiar Ann Kathrin Sivle.
FOTO: OVE ODLERKJÆR