Da han ei sein juninatt i fjor la ut på køyretur, var det berre ni dagar sidan han fekk tilbake lappen etter at han som 18-åring hadde mista lappen grunna promillekøyring.

Ettersom han slett ikkje var edru denne gongen heller, enda kjøreturen i grøfta mellom Bremanger og Kalvåg. Andre trafikantar oppdaga bilen, og varsla ambulansetenesta som sende luftambulanse til staden.

Dermed vart mannen frakta til Sentralsjukehuset i Førde, der blodprøver viste 1,73 i promille. Seinare fann Sunnfjord tingrett det bevist at det var tiltalte som hadde kjørt bilen.

Ifølgje dommen misser 22-åringen førarkortet for alltid. Han er i tillegg dømt til fengsel i 30 dagar, samt bot på 20.000 kroner. Mannen har ikkje bestemt seg for om han vil anke dommen, ifølgje NRK Fylkesnytt.