Det brann lystig i tørt gras og buskas då bråtebrenninga kom ut av kontroll. Brannvesenet i Kvinnherad rykte ut frå Husnes, og fekk brannen snøgt under kontroll.

Like før klokka 19.00 var det sløkt. Då var ei skråning på 70-80 meter svidd av.

Politiet vil over helga vurdera om saka skal få ytterlegare konsekvensar for den uheldige bråtebrennaren.

FOTO: GEIR REMME