Tre veker før påske drog Solbjørg Jacobsen frå Auklandshamn i Sveio til Alicante for å besøka foreldra sine.

— Då eg skulle henta kofferten på bagasjebandet, var den borte vekk, seier Jacobsen.

Det gjekk ein, to og tre dagar utan at kofferten dukka opp.

— Eg ringte til SAS, som først sa at den hadde hamna i Tyrkia. Det neste eg fekk beskjed om var at den var i Madrid, så Oslo og så Alicante igjen. Til slutt fekk eg beskjed om at det ikkje lenger var mogleg å spora kofferten, og at eg måtte rekna den som tapt, fortel Jacobsen til bt.no.

Funnen i Kabul

Og ho slo seg til ro med det.

— Verre ting kan skje enn å mista ein koffert. Men det var sjølvsagt kjedeleg sidan det var verdiar for minst 20.000 kroner i kofferten, seier Jacobsen.

To veker seinare fekk ho telefon frå ein kundebehandlar i SAS.

— Eg fekk spørsmål om eg sakna ein koffert. Dei sa dei hadde funne den i Kabul. Men eg trudde berre det var ein venn som tulla.

SAS skjønte ikkje korleis kofferten kunne hamna i Afghanistan.

— Dei har ingen rutefly dit, så dei sa det var ei gåte, seier Jacobsen.

Soldat skulle på påskeferie

Ho trudde framleis ikkje på det. Men seinare same dag fekk ho igjen ei oppringing om kofferten.

— Denne gongen var det ein mann som sa at han var norsk soldat i Kabul, og at han hadde kofferten min. Han sa han skulle heim til påske, og at han kunne ta den med.

Sjølv ikkje då trudde ho heilt på det.

— Men så dukka plutseleg kofferten opp på døra mi. Først torde eg ikkje å opna den, fordi eg har høyrt skrekkhistoriar om koffertar fulle av både lus og lopper. Så eg sette den i garasjen i kulden, seier ho.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte den utrulege historia mandag.

Då familien var samla på påskeaftan, bestemte ho seg for å ta den fram.

— Eg frykta det verste, for eg har mageproblem, og hadde derfor fleire halvstekte speltbrød i kofferten, seier Jacobsen.

Då ho opna kofferten, såg ho at det ikkje var hennar ting som låg på toppen.

— Det låg noko på toppen som var tulla inn eit slags palestinaskjerf. Eg tok opp pakka og kasta ho i snøen, til stor glede for resten av familien. Me tulla med at det kunne vera ei bombe. Kofferten hadde jo trass alt vore i eit krigsområde, seier Jacobsen.

Grøne brød

Men dei skjønte fort at det ikkje var farlege greier. Oppi kofferten låg ein burka, ti kashmirsjal, smykker og afghanske pengar.

— For nokon kreative gutar. Dei hadde skrive brev til meg og tatt bilde av seg sjølv med kofferten på eit panserkøyretøy, seier ho.

Soldatane skriv at kofferten var innom byen Meymaneh nordvest i Afghanistan før den kom tilbake til Kabul, og at dei brukte lang tid på å nøsta opp i kven som eigde kofferten.

«Som en kompensasjon for brødet (som begynte å bli grønt) vi tok ut av kofferten har vi lagt inn noen gjenstander som du kan ta frem som et minne om koffertens vandring i Europa og Asia. [...] Det har vært en glede og fornøyelse å kunne bringe den tilbake til deg», skriv soldatane.

— Eg har både pengar og burka. Kanskje eg skal ta turen til Afghanistan for å takka? seier Jacobsen og ler.

Har du ei kofferthistorie på lager? Del den med oss her.

AFGHANISTAN-KLAR: I kofferten som kom til rette låg det både burka, kashmirsjal og afghanske pengar. - No er eg klar for Afghanistan, seier den heldige Sveio-kvinna.
PRIVAT
FANN KOFFERTEN: Gutta på KAIA i Kabul sørga for at Solbjørg Jacobsen fekk kofferten sin igjen.
PRIVAT