— POSTEN, det er meg! slår Hjørdis Haarstad (57) fast med ettertrykk.

— Eg har aldri angra på at eg byrja i Posten, og eg har lagt så mykje av meg sjølv att i denne bedrifta at det no er heilt uaktuelt å skaffa seg ein annan arbeidsgjevar. Eg vil vera med Posten vidare.

SNART har ho vore med i 40 år. Ho er veteran. Både når det gjeld arbeidsår i Posten og når det gjeld røynsle i arbeidslivsomstilling. I grunnen burde ho fått svart belte i omstilling.

Til hausten er det 40 år sidan Hjørdis drog frå Førde til Larvik og ei opplæringsstilling i Posten. I løpet av sitt lange og turbulente postliv har ho hatt 13 ulike stillingar. Ho har vore innom alle delar av Posten, bortsett frå sortering og logistikk. I dag er ho personalrådgjevar innan posthandel.

For ti år sidan var ho postsjef på Nesttun. Jobben blei borte då kontoret på Nesttun blei lagt inn under Bergen.

— Det var tungt å bli fråteken det eg hadde bygd opp gjennom fleire år. Eg opplevde at eg blei tilsidesett, kjende meg svært lite verd. Eg søkte meg vekk, og fekk jobb på Postskulen.

FØRSTE GONGEN Hjørdis Haarstad opplevde å vera til overs i Posten var i 1989 då distriktsadministrasjonen i Bergen vart lagt ned. Andre gongen var på Nesttun. I to år leia ho det interne serviceapparatet ved Bergen Posthus, apparatet forsvann i ei organisasjonsendring, og Hjørdis fekk jobb i ei nyoppretta personalavdeling.

Etter to nye år blei den jobben borte under ei omfattande omlegging og slanking av postadministrasjonen. Hjørdis blei personalrådgjevar i den nye divisjonen Posten produksjon med arbeidsadresse Postterminalen på Minde.

No hadde Posten for alvor fått omstillingsblod på tann. Året var 2000.

To gonger det året fekk Hjørdis Haarstad melding om at ho var blant dei overtalige. Først forsvann jobben i Posten produksjon, og ho gjekk over til Distribusjonsnett. Så blei den jobben omorganisert bort. Hjørdis søkte seg heim att til Posthuset, til ein jobb innan posthandel.

HJØRDIS VAR BLANT DEI SISTE som flytta frå Posthuset til Minde. Det skjedde midt i desember. På Postterminalen står framleis store delar av flyttelassa på traller i korridorane.

— Det var veldig kjekt å jobba i sentrum. Vi er mange som kjem til å sakna Posthuset og miljøet der. Fordelen med Minde er at vi kan køyra bil til jobb.

Alle omstillingane har gjeve oss posttilsette mange nedturar, det er slitsamt å skulla omstilla seg gong på gong. Du går inn i ein sorgprosess. Somme av dei endringane eg har vore gjennom har vore verre en andre.

Fleire gonger har eg lurt på om eg burde finna meg anna arbeid. Somme vil nok meina at dei er blitt dårleg behandla av Posten, det gjeld ikkje meg. Difor har eg valt å bli verande, seier ho.

Når dei tilsette i Posten snakkar om framtida, er alltid omkvedet: «Viss vi har jobb.»

— Slik snakka vi aldri for ti år sidan. No har vi det i bakhovudet heile tida. Dei føreståande omstillingane skaper uvisse, men er sjeldan tema på jobben. Vi må gjera arbeidet vårt. Og vi er innforståtte med at det er nødvendig å innretta seg etter verda omkring oss, seier Hjørdis Haarstad.

ALLE OMSTILLINGANE og oppsplittinga av Posten som selskap har gjort noko med miljøet. Dei som jobbar i Posten er ikkje lenger medlemer i ein stor familie, dei kjenner ikkje lenger kvarandre, har ikkje oversikt over kven som jobbar kvar. Det svære, landsomfattande nettverket deira har gått i oppløysing.

— Men vi som er att har stor omsorg for kvarandre. Og galgenhumoren har gode kår.

Hjørdis Haarstad seier ho veit ho er i faresona når Posten no skal kutta 3000 nye årsverk. Men ho trur ho skal berga seg, for ho ser at det er planar om å vidareføra dei arbeidsoppgåvene ho har.

Veteranen satsar på at ho kjem heilskinna gjennom endå ein omstillingsprosess. At ho ikkje er mellom dei som blir innkalla til omstillingssamtale denne gongen. Ho satsar på eit evig arbeidsliv i Posten. Mot alle omstillingsodds.