31. mars 2001 stengte Rieber & Co. dørene ved sildefabrikken Norway Foods i Skånevik. 31. mars i år er det slutt for kabelprodusenten WesternGeco i Etnebygda.

120 arbeidsplassar, 90 prosent kvinnelege, tapt på to år er mykje for Etne kommune. 11 av kvinnene som mista jobben i Skånevik, fekk seg ny jobb i WesternGeco.

— Denne gongen er det nok ingen veg utanom arbeidsløyse. Det finst ikkje ledige jobbar i Etne. No må vi setja vår lit til at ordførar og næringssjef Amund Enge kan trylla fram noko, seier Torill Hjelmervik. Ho arbeidde i ti år ved sardinfabrikken, dei siste åra som hovudtillitsvalt.

Deppe- og trøystedag

— I dag har det vore ein deppe- og trøystedag her på jobben. Det var ei sjokkmelding at bedrifta skulle leggjast ned, sa nestleiar i fagforeininga ved WesternGeco i Etne, Nina Espevold (29), til Bergens Tidende i går.

— Vi tillitsvalte fekk vita det eit par dagar før. Det var knalltøft å gå i hallen og ikkje kunna fortelja det til kollegane, seier Espevold.

— Då bedrifta starta for to år sidan, fekk vi beskjed om at det var ein lovande og trygg arbeidsplass. Først i slutten av februar fekk vi vita at det gjekk dårleg med økonomien, seier Nina Espevold.

Eitt ektepar flytta til Etne og bygde nytt hus då begge fekk arbeid på WesternGeco, to sambuarpar er på lista over dei som mister jobben i slutten av månaden.

— Eg er forbanna. Ikkje har eg utdanning, og andre jobbar er det dårleg med. Eg synest og det var ei kaldsleg haldning sjefen som kom frå Oslo for å fortelja oss at no var det slutt. Han brukte mindre enn ein halv time på oss, seier Nina Espevold, som har sambuar og to born.

Amerikansk kjempe

Det er det amerikanske storkonsernet Schlumberger som står bak WesternGeco, som produserer spesialkablar for seismiske undersøkingar i oljeindustrien. Produksjonen skal halda fram i Knarvik i Lindås, men også der er staben skoren ned grunna kollaps i marknaden for seismikkablar.

— Det er overkapasitet i bransjen, seier Kjell-Erik Østdal, administrerande direktør i Schlumberger Scandinavia til lokalavisa Grannar.

— Vi har vore med i eit spel om arbeidsplassane. Det stod mellom Lindås og Etne, og vi tapte, seier Torill Hjelmervik.

KROKEN PÅ DØRA: Ei flott bedrift med ein godt samansveisa arbeidsgjeng, seier tillitsvalt Nina Espevold (t.v.) om WesternGeco som brått legg ned i Etne. Torill Hjelmervik misser jobben for andre gong på to år.