— I den første fasen var det sjukdomen som skremde meg og opptok meg. Etter ei stund byrja eg å uroa meg for førarkortet mitt. Eg vart redd for at eg aldri skulle få køyra bil igjen, fortel 65-åringen.

Lysflimmer

Kreften på augeeplet vart konstatert 27. februar i fjor. 10. mars gjekk stordabuen gjennom ein vellukka operasjon.

— Då hadde eg gått ei stund med eit slags lysflimmer på auga. Diagnosen gav meg sjølvsagt sjokk, fortel han.

Med heimel i førarkortforskrifta fekk ikkje Landa lov til å køyra bil på seks månader. Då karantenen var over ville synstesten hos fastlegen avgjera om han kunne setja seg bak rattet igjen.

— Testen gjekk kjempefint. Eg ser godt på det friske auga og legen min nølte ikkje med å skriva ut helseattesten.

Endra trafikkbilete

Bilkøyringa går fint, og i dag har han ikkje problem med å ferdast i bygatene i verken Bergen eller Stavanger.

— Men eg merkar eg må vera litt ekstra observant når eg ryggar, seier han.

Som alle 65-åringar mottok Landa eit tilbod frå Statens vegvesen og Folkeuniversitetet om å delta i traffikkoppfriskingskurset «65+». Han takka ja. I går var siste dag.

— Det har vore nokre lærerike veker. Trafikkbiletet er annleis i dag enn i 1965, då eg tok førarkortet. Ja, revolusjonerande annleis, faktisk. Talet på trafikantar, vegstandard, trafikkreglar og skilt - alt har endra seg. Ei oppfrisking var absolutt på sin plass. Noko av det eg var mest usikker på var plassering i rundkøyringar. No føler eg meg langt tryggare, innrømmer Landa.

Han håpar han har mange år framføre seg sin sjåfør.

— Eg må vel godta det den dagen eg er så gammal at legen set foten ned for vidare bilkøyring. Men eg kvir meg. Det vert vondt. Du gjer deg på mange måtar avhengig av bilen din.

Bjørg Valvatna (82) frå Stord fekk bilsertifikat i 1956. Også ho har gjennomført «65+».

— No håpar eg å vera rusta til endå nokre år i trafikken. Huff, det vert keisamt den dagen eg må slutta, seier ho.

Byggjer opp sjølvtillit

«65+» består av 12 timar teori og to skuletimar praktisk øving i bilen.

— Alt skjer på deltakarane sine eigne premissar. Eg voktar meg mot å verka belærande. Her er målet å byggja opp sjølvtillit, seier køyrelærar Per Ove Sercan Husevik på Stord.

Han ser heilt klart eit behov for å friska opp norske bilførarar sine trafikkunnskaper.

— Eldrebølgja kjem med full tyngd, så dette vert berre meir og meir aktuelt. Men det gjeld ikkje berre for dei over 60. Tittelen på kurset er eigentleg stigmatiserande, seier Husevik.

Han tykkjer deltakarane syner mot.

— Veldig mange er nok truleg for stolte til å vera med på noko slikt. Bilkøyring er nemleg eit svært sensitivt og sårt tema.

Populære kurs

Køyrelæraren fortel at «65+» kursa er svært populære i Sunnhordland og på Haugalandet.

— Ventelista tel 15-20 namn, opplyser han.

Også i Bergen er det pågang.

— I haust hadde me fulle kurs, 21 om gongen. Då hadde me også venteliste. No i februar er det litt færre deltakarar, men det skuldast nok årstida. Til våren og utover sommaren vil nok talet ta seg opp igjen, trur kontorfullmektig Sølvi Nordstrand ved Folkeuniversitetet Friundervisningen i Bergen.

GLAD I BILEN: -Det vert ei dramatisk endring i livet mitt de ndagen eg ikkje lenger kan køyra bil, seier Tollak Landa frå Stord. (Foto: Kjetil Østrem)