Også fem andre gardsbruk i nærområdet til flyplassen på Anda, blir råka av utbygginga. Ein av bøndene som blir hardast råka, Ola E. Hjelmesæt, har gitt Avinor løyve til å starte arbeidet på hans grunn med å trygge flyplassen som er rekna for å vere ein av dei vanskelegaste å trafikkere i heile landet.

— Det er ikkje så mykje anna å gjere, seier han.

— Kva tenkjer du om det?

— Eg tenkjer at samfunnet pålegg oss ei plage, og for oss er det liten vits å kjempe mot. Då vil det berre bli oreigning. Vi har ikkje mykje val, seier frukt- og grønsakbonden.

Sluttar med gardsdrifta

Naboen Olav Hjelmeset misser 40 mål dyrka mark og 100 mål utmark som følgje av utvidinga. I tillegg har han tidlegare slått kring 40 mål rundt flyplassen. Det reknar mjølkebonden med at det blir slutt på no.

— For oss blir det å leggje ned gardsdrifta. Vi har ikkje jord att til å drive på, seier gardbrukaren.

Han legg ikkje skjul på at han slett ikkje er noko glad verken for flyplassen eller utvidinga som raserer bruket. I tillegg til å misse halvparten av innmarka, vil dei også få ei svær fylling rett ved gardstunet som vil ta mykje av utsynet.

— Nasjonaløkonomisk meiner eg det som skjer er forkasteleg. Det går ikkje an å ha flyplassar på kvart nes, seier Hjelmeset.

— Kva gjer du når gardsdrifta tek slutt?

— Eg driv som entreprenør ved sida av, og har orientert meg stadig meir i den lei etter som eg har sett kva veg det har gått. Eg syns det som skjer er trasig. Det er ein slektsgard som skal gå vidare, og borna får no ikkje noko val. Men vi får no sjå, det er vel framleis ikkje heilt sikkert det blir utbygging.

Omstridd

Utbygginga av lufthamna på Sandane med sikringssoner har vore omstridd. Nordfjord-flyplassen ligg i eit kupert terreng der turbulens av og til gjer det krevjande å lande. Terrenget gjer det vanskeleg å utvide flyplassen, og ei stund såg det ut til at strenge tryggleikskrav skulle føre til nedlegging. Men etter at Luftfartstilsynet reduserte kravet til sikringssoner på sidene frå 70 til 40 meter, blei utbygginga langt rimelegare.

Også internt i Nordfjord har det vore strid om utbygginga. Grunnen er at flyplassen etter den framtidige utbygginga ikkje kan utvidast meir, utan at det er snakk om svært store kostnader. Kritikarane meiner difor det berre er eit tidsspørsmål før nye krav vil føre til at landingslysa blir sløkte for godt. Dei ville heller brukt pengane som no går til opprusting, på ein ny flyplass på nordsida av Nordfjorden der mesteparten av folket bur.

Advokatfirmaet Hans Lothe på Sandane representerer seks av grunneigarane. I ein kommentar til reguleringsplanane stiller advokaten, på vegner av sine klientar, seg uforståande til at landbrukseigedomar blir raserte for å oppretthalde flyplassen for ein kort periode.

I forhandlingar

Grunneigarane er no i tingingar med Avinor om erstatning, men så langt er det ikkje kome til semje.

— Vi ventar at forhandlingane skal vere ferdige innan utgangen av august, seier advokatfullmektig Jan Erik Mardal i firmaet Hans Lothe Advokat AS.

For Ola E Hjelmesæt inneber erstatning at han får bygt seg nytt våningshus og driftsbygning. Han vil nemleg gjerne halde fram gardsdrifta.

— Det er snakk om å flytte tunet 300-400 meter. Men sjølv om mitt krav er å få dekka alle utgifter, blir det nok neppe slik at vi får nøkkelferdige bygg. Det blir nok ein del både arbeid og administrasjon.

Avinor har pålagt Hjelmesæt å flytte innan 1. august neste år. Det trur han er uråd.

— Det har gått litt fort i svingane dette. Eg har vanskeleg for å tru at det nye gardstunet kan stå ferdig til den tid.

oddleiv apneseth
oddleiv apneseth
oddleiv apneseth