Målet med aksjonen er å fjerne all bulke— og pilemispel frå fruktdistrikta i Hardanger, Indre Sogn og Nordfjord. Desse prydbuskartane er spesielt utsette for pærebrann. Etablerer sjukdomen seg først i dei to planteslaga, kan pærebrann seinare angripe eple- og pæretre og andre prydvekstar. Mattilsynet meiner det vil vere ein svært alvorleg situasjon dersom pærebrann spreier seg frå kystområda til dei indre fruktbygdene på Vestlandet. Ved å rydde vekk dei to mispelslaga, håpar Mattilsynet å hindre at det skjer.

I Indre Sogn blir det aksjonsstart i Leikanger kommande tysdag. Det skjer ved at det skal hoggast ein bulkemispel i ein privat hage. I Hardanger starta arbeidet i fjor, og vil bli følgt opp med ein ny runde i sommar. Også fruktområda i Nordfjord skal ryddast, men der tek arbeidet først til neste år.

Store skader

— Vi har lite oversyn over kor mykje det finst av desse prydbuskene i Sogn og Fjordane. Det vi veit er at det er flest bulkemispel i Indre Sogn. Den er meir hardfør, seier Merete Lunde ved Mattilsynet sitt distriktskontor i området.

Pærebrann kan bli ein av dei farlegaste plantesjukdomane i norsk landbruk, om ikkje spreiinga blir stoppa. I tillegg til å angripe eple- og pæretre kan pærebrann også kome på ei rekkje planter i rosefamilien.

Sjukdommen skuldast ein bakterie som går til angrep på heile treet. Typiske symptom på pærebrann er ein kraftig mørkfarging av blada, samt at skotspissane bøyer seg og gjerne får form som ein gjetarstav. I tillegg heng blada lenge på greinene. På avstand vil det etter ei tid sjå ut som det sjuke treet har blitt svidd. Dette er også opphavet til namnet pærebrann.

Langs kysten

Det finst ikkje effektive, kjemiske middel mot pærebrann, og sjukdomen er difor svært vanskeleg å få bukt med. Den viktigaste spreiemåten er med smitta plantemateriale, men også insekt, bikuber, utstyr til å beskjere, regn og vind er viktige lokale spreiarar.

Pærebrann blei første gong oppdaga her i landet for vel 20 år sidan. Sidan har det vore lagt ned ein stor innsats for å slå sjukdomen tilbake. Likevel har plantesjukdomen spreidd seg, men så langt har dette hovudsakleg skjedd i dei ytre kyststrøka. Pærebrann er funne i Vest-Agder, Rogaland og Hordaland, og i fjor sommar blei den også oppdaga i Eivindvik i Gulen. Dette var første tilfellet i Sogn.

I Indre Sogn samarbeider Mattilsynet med kommunane, landbruksavdelinga, forskingsinstitusjonar, fruktnæringa, Hageselskapet og lokale hagelag om aksjonen.

Frøbankar

Hageeigarar blir oppmoda om å vere med på ein dugnad i kampen mot pærebrann. Det inneber å rydde bort mispel. Avfallet kan leggjast saman med anna hageavfall, fordi sjukdomen ikkje smittar når buskene er felt. Etter nedhogginga vil det vere lurt å bruke plantevernmiddel i snittplata, eller spa opp røtene.

Mattilsynet åtvarar også mot å tru at jobben er gjort når buskene er fjerna. I fleire år vil det nemleg finnast store frøbankar i jorda som gjer at buskene kan kome att.

Sjølv om prydbuskene som no skal utryddast i hovudsak finst i hagar, veks dei også vilt. Dei har spreidd seg gjennom frøing, nok som gjer det til ei stor utfordring å få fjerna alle.

— Vi ønskjer at folk i Indre Sogn som veit om bulke- og pilemispel på friområde melder frå til oss i Mattilsynet, seier Lunde.