Ordførarane i Sunnhordland er overraska over at fylkespolitikarane ikkje hare teke omsyn til deira ønskje om å styrkja båtrutetilbodet. Ordførarane vil blant anna ha ei ny rute Rosendal/Herøysund-Bergen/Os som går innom Våge, det er viktig for dei at rutetilbodet mellom Leirvik og Kvinnherad vert oppretthalde og at det ikkje blir færre snøggbåtar enn i dag. Dei er redde for at det vedtaket som er fatta, vil gje sunnhordlendingane eit langt dårlegare rutetilbod enn dei har i dag.