— Det er heilt klart at det var eit forsøk på brannstifting ved den gamle barneskulen i Førde rundt klokka 11.40. To ungdommar vart observert av eit vitne, og ein påtent rull toalettpapir vart funnen. Likvel er vi heilt sikre på at dei er uskuldige i samband med brannen som oppstod litt seinare, seier etterforskingsleiar Dag Øyen ved Førde lensmannskontor.

Prøvde å få fyr

Det var klokka 11.40 om formiddagen, altså berre eit par timar før loftet på den over 100 år gamle trebygningen stod i full fyr, at ein mann som passerte skulen såg to unge gutar stå og fikle med eit utvendig skap på ytterveggen.

Då han ville sjå nærare på kva dei dreiv med, trakk ungdommane seg unna.

Ti minuttar seinare, klokka 11.50, fann ein tilsett ved SFO ein påtent dorull. Den stod plassert like ved bordkledningen ved ei sidedør på samme vegg - omtrent tre meter unna skapet ungdommane stod ved.

Men trass i at politiet meiner dette dreier seg om eit openberrt forsøk på å setje fyr, er dei like klare på at dei to unggutane er aldeles uskuldige i sjølve storbrannen.

Dag Øyen, som har leia etterforskingsarbeidet, forklarer grunnen:

— Brannen starta på det heilt øvste mørkeloftet i eit rom som stod avlåst. Dette kan vi slå fast som sikkert, etter grundige tekniske og taktiske undersøkingar. For å komme inn i dette rommet måtte vedkommande ha tre ulike nøklar, og vi veit at alle dørene var låst fordi brannmannskapa måtte bryte dei opp. Ingen nøklar er på avvegar, seier Øyen.

Frykta rykteflaum

— Derfor kan vi slå fast at brannen og episoden før er eit tilfeldig samantreff. Slik dorullen var plassert, var det dessutan minimal fare for at den våte veggen skulle ta fyr. Vi vil likevel svært gjerne at dei to gutane melder seg, slik at vi kan få rydda opp i heile saka.

Det finst fleire elektriske punkt i loiftrommet. Vitne så den aller første røykutviklinga frå ein viftekanal som starta i det aktuelle loftrommet. Øyen opplyser at politiet har lagt stor vekt på å komme til botnar i saka, ettersom det ligge ein opplagt fare for rykteflaum slik omstenda var.

Difor vart også Kripos kopla inn i det tekniske arbeidet.

Ingen personar kom til skade i brannen sist torsdag, men alle vaksne og eit 30-tals elevar måtte evakuere i all hast.

— Og ein kan berre forestille seg sjokket for dei to ungdommane som leika med elden, og litt seinare sikkert har sett skulen stå i full fyr, seier politimannen.

— Men er ikkje dette samantreffet litt for fantastisk?

— Tja. Det er faktisk ikkje så veldig sjeldan at elevar leikar seg med fyrstikker rundt om på norske skular.