Etter at det blei funne to sauekadaver inst i Haukedalen i Førde kommune i helga, var det klart for jakt.

— Me snakka med saueeigaren i går ettermiddag, og rekna det som så sikkert at sauene var tekne av bjørn at det blei sett i gang eit fellingsforsøk, seier fellingsleiar Finn Olav Myhren.

Jegerar frå både Fjærland, Jølster og områda rundt enden av Haukedalen blei mobiliserte. Til saman meir enn 30 personar.

— Dei var på post frå åtte-ni-tida i går kveld til klokka sju i dag. Dei gjorde ein kjempeinnsats.

- Men såg dei bjørn?

— Nei, men me var truleg nær. Den eine hunden markerte sterkt ved det eine kadaveret, som var nokså ferskt. Det er veldig sannsynleg at bjørnen hadde vore der, meiner Myhren.

Han opplyser at to personar bruker måndagen til å sjå etter bjørnespor i snøen. Dei lurer på om bjørnen kan ha kryssa austover mot Sogn.

— I morgon skal Statens Naturoppsyn stadfeste om sauene er tekne av bjørn, seier Myhren.

TATT AV BJØRN: Fleire sauer er funnen drept i Gaular tidlegare denne månaden.
Terje ulvedal