Fram til kommune— og fylkestingsvalet i 2003 hadde veljarane rett til å stryke kandidatar på vallistene. I tillegg var det høve til å gje tilleggsrøyst i form av ekstraoppføring eller «slengar» som er oppføring av kandidat frå ei anna valliste.

Frå og med 2003 vart retten til stryking avskaffa. Etter valet vart det gjennomførd ei undersøking av kva veljarane og dei politiske kandidatane meinte om omlegginga.

Negativt

Resultatet viste at berre 16,1 prosent av veljarane meinte omlegginga var positiv. 38,8 prosent av kommunestyrekandidatane meinte endringa var positiv.

På den andre sida meinte heile 53,3 prosent av veljarane at endringa var negativ. Og så mykje som 46,4 prosent av kommunestyrekandididatane meinte det same. (Om lag 2000 veljarar og 1100 politikarar vart spurde)

Undersøkinga i 2003 som vart utførd av Rokkansenteret og Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, er den første norske undersøkinga av haldningar til personval, opplyser forskar Dag Arne Christensen.

Alle partia samde

— Argumentasjonen for omlegginga var at ein ynskte å stimulere dei positive preferansane - ikkje dei negative, seier Christensen. Han var sekretær for vallovutvalet som avgav tilråding i 2001.

Alle partia var med i utvalet og var samde om denne endringa.

— Det vart også argumentert med at endringa ville auke folks innverknad på personsamansettinga. Men etter mitt skjøn er det eit ope spørsmål om reforma verkar til å auke veljarinnverknaden, seier Christensen.