Eraker Gard med alle bygningar på Borlaug, fallrettane i Lærdalsvassdraget, store fjellvidder med jaktrettar på villrein, hjort og småvilt på Hemsedalsfjellet, hytter og hyttetomter i det attraktive fjellområdet nær stamvegen Oslo-Bergen.

Alt dette er testamentert til Evangeliesenteret i Norge og Israelmisjonen. Dei deler likt.

Døydde i sommar

Det er Sogn Avis som fortel denne solskinshistoria frå Borgundbygda, øvst i Lærdalsdalen under Filefjell.

Du ser Eraker Gard når du køyer stamvegen Bergen-Oslo. Bygningane ligg sentralt nær Borlaugkrysset, eit lite steinkast frå E 16.

Givaren av millionverdiane, danskfødde Karoline Eraker, døydde i sommar. Nyleg har lensmann Olav Teigen i Lærdal hatt besøk av den eine gåvemottakaren, Lise og Ludvik Karlsen. Dei har begge ei fortid som tunge rusmisbrukarar:

— Det var rørande å møte menneske som har eit slikt hjarte for dei utslåtte i samfunnet, seier Teigen til Bergens Tidende.

Hjarte for mange

Lensmannen kjende også kvinna som har gitt bort millionverdiane til misjons- og narkoarbeidet i Norge:

— Karoline Eraker i Borgund var eit varmt menneske. Ho hadde hjarte for mange, var Israel-venn og aktivt med på bedehuset i bygden, seier lensmannen.

Erakergarden i Borgund har sine store inntekter frå eit 25.000 mål stort område på Hemsedalsfjellet. Med i testamentet til Israelmisjonen og Evangeliesenteret følgjer også bygningane på Eraker Gard.

Rehabiliteringssenter

— Vi planlegg å etablere eit senter på Eraker Gard, kanskje også med rehabilteringsoppgåver. Det vil tilføra Lærdal og Borgund arbeidsplassar, seier Ludvik Karlsen.

— Me er først og fremst glade for den store gåva og trur me skal gjera oss godt nytte av verdiane, seier administrasjonssjef Torstein Bryne i Israelmisjonen.

— Evangeliesenteret, med eit rehabiliteringssenter og aktivt friluftsliv, skal vera hjarteleg velkomne til Borgund seier Lærdalsordførar Olav O. Wendelbo.

Og bygda Borgund ventar på nye arbeidsplassar. Det har gått trått på heimebane med å fylle barnehagen og småskulen dei siste åra.

MOTTAKARAR: Evangeliesenteret, leia av Lise og Ludvik Karlsen, er ein av de to misjonsorganisasjonane som nyt godt av gåva.
Arkivfoto: NRK