EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Bergen byrett meiner det ikkje finst tvil om at den tre månader gamle jenta vart mishandla på det grovaste av foreldra før ho døydde. Byretten er krystallklare i sin dom:* Dei mange skadene jenta hadde då ho vart funnen død i april 1999 kan ikkje ha anna forklaring enn massiv valdsbruk.* Ingen andre enn foreldra kan ha påført jenta skadene. * Båe foreldra har vore med og rista jenta så hardt at ho fekk skader og brot i hovud, ribbein, armar og bein.* Foreldra skaffa ikkje barnet heilt nødvendig legehjelp, av frykt for å miste jenta til barnevernet. Slik hjelp ville mest sannsynleg berga livet hennar.* Foreldra har opplagt ikkje ønskt å fortelja sanninga, korkje i politiavhøyr eller i retten.Båe foreldra har heile tida nekta straffeskuld. — Klienten min er fast bestemt på å anke dommen. Ho er skremt av det retten skriv, og tykte det var tøft å lese dette, seier Odd A. Drevland, forsvararen til mora.Også barnefaren kjem truleg til å anke, ifølgje forsvarar Jostein Alvheim.Forsvararane meiner byretten har gått for langt i forhold til gjeldande rett. Blant anna ved å slå fast at båe foreldra er skuldige i å ha rista jenta så hardt at ho fekk ribbeinsbrot - utan at retten kan seie sikkert kva for skader som vart påført av kven.Retten meiner på si side at saka er spesielt alvorleg fordi offeret var eit spedbarn, heilt prisgitt omsorgen frå foreldra. Sannsynlegvis hadde den vesle jenta store smerter før ho døydde, ifølgje dommen.Straffa på to og eit halvt års fengsel er heilt i tråd med kravet frå aktor i saka, statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen. Foreldreparet var først sikta for forsettleg drap, men dette vart seinare endra til vanskjøtsel og mishandling.Den 34 år gamle mora har til saman fødd ni barn. Tre av dei mista ho i krybbedød. Tre andre har ho adoptert bort, medan barnevernet har tatt over omsorgen for dei to siste.Retten meiner både mora og faren er noko umodne, og har også merka seg at dei to ikkje har gitt uttrykk for anger.