Frå april 2004 til mars 2011 levde enkemannen frå Nordfjord under reine terrorveldet i sin eigen heim, der han budde saman med sin 33 år gamle son. Ifølgje dommen i Fjordane tingrett både truga, sparka, tvang og krenka sonen far sin i dette tidsrommet.

Det heile kuliminerte med at faren måtte søke tilflukt på krisesenteret i Florø, og no er sonen dømt til fengsel i åtte månader utan vilkår. Dette er nokre av episodane som er omtala i dommen:

  • 2004 : Skaut ei cd-hylle på søstra sitt rom i stumpar og stykker med hagle.
  • April 2004: Kasta gjenstandar rundt i huuset, gjekk til angrep på faren og reiv han overende, knuste vindauge i huuset.
  • April 2008 : La faren i golvet, sparka mot hovudet hans.
  • Januar 2011 : Sparka faren så han fekk sår på foten.
  • Mars 20111: Truga med å drepe faren sin kjærast.
  • Mars 2011: Politiet beslaglegg eit heimebrentapparat og to liter heimebrent hjå 33-åringen. Ifølgje dommen har 33-åringen budd heime hjå foreldra nesten heile livet. Valdsbruken skal ha tiltatt i åra etter at mora døydde i 2004, og skjedde når domfelte var påverka av alkohol. Ved nokre høve måtte faren rømme huset utan å få med seg ytterklede, i kulde og nattemørke, og utan å tore å vende tilbake på timesvis.

— Det sentrale i straffeutmålinga er den kontinuerlege utryggleik og frykt fornærma (faren, red. merkn.) har levd under i samband med sinneutbrota sonen fekk når han drakk alkohol. (...) Heller ikkje i dag synes tiltalte å ha forstått rekkevidda av krenkingane han har utsett faren for, heiter det i dommen.

Resultatet er ein dom på åtte månader fengsel utan vilkår, og forbod mot å oppsøkje, forfølgje eller på nokon måte kontakte faren eller kjærasten hans på dei neste tre åra.

På toppen av dette: Eit heimebrentapparat som er beslaglagt for godt.