Sogningen i tenåra er dømt for å ha seksuelt misbrukt til saman tre slektningar. Alle borna han forgreip seg på var under 14 år, og den yngste var under fem år.

«Tiltalte var godt kjent med sine slektninger og klar over deres alder og hvilke krenkelser han utsatte dem for. Han har således utvist nødvendig forsett for samtlige forhold», heiter det i dommen frå Sogn tingrett.

Retten festa lit til offera sine forklaringar, og skildrar overgrepa som grove. Sogningen skal ha brukt både trugslar og vald under overgrepa.

Må betale erstatning

«Som eldre familiemedlem ble tiltalte på mange måter en tillitsperson», skriv tingretten.

Mannen blei dømt til fengsel i eit år og ni månader, men han slepp å sone dersom han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra. Den betinga dommen kjem av at tiltalte var svært ung på gjerningstidspunktet.

Mannen må også betale oppreising på 90.000 kroner til eit av overgrepsoffera, som i etterkant har utvikla søvnproblem, migrene og skuldkjensle.

Dommen var i tråd med aktors påstand.