27. mai i år skulle «Imara» sendast med tvang tilbake til Sri Lanka. Medan politifolka venta utanfor på at ho skulle pakke sakene sine, såg ho sitt snitt til å ta ein overdose tablettar.

Skulle tvangssendast

Episoden førte til at reisa gjekk til akutten på Haukeland, i staden for med politieskorte til Colombo via Oslo.

Vi møter «Imara» i loftshusveret ho disponerer på Landås. Det er heilt unormalt at UDI buset asylsøkjarar i eigne husvære før dei har fått permanent opphaldsløyve. Men «Imara» er ikkje noko normalt asylsøkjar-tilfelle.

Det er ei i lita, redd kvinne med ei hjarteskjerande historie å fortelje vi møter. Ei kvinne som held seg minst mogeleg heime i leilegheita. Ho veit ikkje når politiet vil dukke opp for å sende henne ut av landet.

To veker er gått sidan livet hennar vart snudd på hovudet. «Imara» hadde på eit vis normalisert livet sitt etter å ha blitt valdteken på UDIs asylmottak i Jølster.

Overdose

Ho hadde fått seg eige husvære i Bergen, hadde starta skulegang. «Imara» trudde ho skulle få positivt svar på søknaden om opphald.

Problemet starta denne gongen med at «Imara» heller vil arbeide enn å gå på sosialhjelp. Ho vil tene sine eigne pengar.

På råd frå UDI gjekk ho difor til politiet i Bergen for å få eit mellombels arbeidsløyve. Men då politiet sjekka rundt henne, fann dei berre det avslaget ho fekk på opphaldsløyve i år 2000. Ifølgje politiet eksisterer det ikkje noko vedtak om oppsettande verknad, dvs. ei utsetjing medan saka blir revurdert, slik «Imara» og advokaten hennar har hevda.

Dermed vart «Imara» — som kom for å skaffe seg eit arbeidsløyve - halden tilbake hjå på politikammeret i Bergen. Deretter følgde to betjentar henne heim for å pakke sakene, men ho klarte altså å ta ein overdose.

«Imara» s historie

Historia om singalesiske «Imara» startar på Sri Lanka. Med ein valdeleg far, ei mor som i lange periodar måtte flykte, og faren som let det gå ut over dottera. «Imara» fortel detaljert. Om overgrepa i heimen, om skamma i familien og at ho ikkje har noko heim eller familie å vende tilbake til.

Vidare fortel ho om korleis ho betalte agentar dyrt for å komme til Norge som au pair, korleis ho trudde på at ho skulle få bu og arbeide her i landet.

— Eg var så dum og lettlurt, men eg kunne ikkje vere heime, seier ho.

Via byrået på Sri Lanka kom «Imara» til ein familie på Oslo Vest. Ho oppdaga raskt at ting ikkje var slik ho var blitt lova. Ho vart halden inne, måtte arbeide med vask og barnepass i mange hus. Ho fortel at ho vart prøvd misbrukt seksuelt, at kvinna i huset ville ha henne til å posere. At ho vart dopa, fotografert.

Reiste ikkje tilbake

«Imara» er enno redd for at denne familien skal finne henne. Difor vil ho ikkje stå fram med namn og bilete. Og ho er skamfull. Dette er tabu for henne.

Første veka i det nye hundreåret gjekk turistvisumet hennar ut. Vestkantfamilien sende «Imara» til Gardermoen med ein flybillett i handa.

— Eg sa til dei at eg ikkje kunne dra tilbake til Sri Lanka, men dei forlét meg på flyplassen, fortel ho.

Der vart «Imara» fleire timar seinare funnen av ein vaktmann. Han kontakta politiet, og «Imara» hamna på Tanum asylmottak.

Som einsleg, ubeskytta kvinne fekk ho problem. Ho budde blant større grupper og familiar. Menn kom på døra hennar, tvinga seg inn. Ho fortel om meir misbruk. Det er vanskeleg, mange ord ho ikkje kan seie.

Etter å ha trygla om hjelp vart «Imara» plassert på ei avdeling der det berre var barn, seinare vart ho overflytta til UDI-mottaket på Vassenden i Jølster.

Valdtekt

Også her var ho aleine som singalesar, som kvinne. «Imara» vart valdteken av to andre bebuarar. Ho vart gravid etter valdtektene, og aborterte.

«Imara» vart akuttinnlagt på psykiatrisk avdeling, og sidan sendt vidare til Krisesenteret i Florø. Først då vart valdtektene politimelde. Saka er seinare lagt vekk på grunn av bevisets stilling.

Advokaten hennar, Walter Høivik, fortel at alle fagfolk som har hatt med «Imara» å gjere, stadfestar at ho har vore utsett for overgrep.

— Det er heilt meiningslaust og utruleg kynisk å tvangssende denne kvinna tilbake, seier Høivik.