— Vi fekk beskjed om at vi kunne melde han til politet for trugsmål. Så ville han kanskje bli fengsla i nokre veker. Det var einaste rådet dei kunne gje oss.

Linda Knarvik ristar på hovudet. 18. juli i år vart den fire år yngre broren funnen død på cella i Drammen kretsfengsel. Han hadde hengt seg etter skolissene. Det vart slutten på nokre få, men hektiske år med intenst misbruk av narkotika. Amfetamin, Rohypnol, hasj, ecstacy, kokain, Valium.

— Alt anna enn heroin, sa han sjølv. Mest sentralstimulerande midlar, seier den andre systera, Mona Gjelletad.

Truga mora på livet

Rundt kjøkkenbordet heime i Salhus fortel familien korleis minsteguten forandra seg frå ein sjenert, stille og litt einsam ungdom med lese- og skrivevanskar til ein fullstendig utilrekneleg narkoman som ingen av dei var i stand til å hjelpe.

— Han sa sjølv at det tok til på ungdomsskulen. Han vart meir interessert i å feste enn i å gjere lekser, for å seie det slik, seier Mona.

Først for tre år sidan skjønte familien at Ove André var i alvorlege vanskar. Han forsømte arbeidet, gav blaffen i alt, fekk voldsomme svingingar i humøret, krasja bilar, var frykteleg hissig, truga både systrene og foreldra på livet.

Såg rosa elefantar

— Vi skjønte at han hadde bruk for psykiatrisk hjelp. Han innrømte det sjølv også. Men kvar gong vi greidde å skaffe han ein time eller eit tilbod, stakk han av, seier Mona.

Dei er sikre på at det var bruken av sentralstimulerande stoff som gjorde at minstebroren vart totalt forandra på uhyggeleg kort tid.

Men sjølv om Ove André budde heime hos foreldra, var det ikkje råd for dei å få tatt i bruk tvang mot sonen. Ove André var over 18 år, dermed hadde dei ingen ting å gjere anna enn å ringje politiet.

— Det var eit regelrett helvete her heime, seier Liv Lien, mor til Ove André.

I februar 2000 sa 20-åringen seg villig til å la seg leggje inn frivillig. Einaste tilgjengelege tilbudet var eit evangeliesenter i Halden. Det vart eit opphald med mange sprekkar og mange turar til Oslo. Og inga psykiatrisk hjelp. Etter ei stund gjekk turen til ei anna senter i same systemet, denne gong i Telemark, utan at stort vart forandra.

— Han fortalde at han ein gong sat på taket på senteret og såg på rosa elefantar som flaug forbi. Det var kult å sjå på, heilt til dei rosa elefantane kom for å ta han. Det var rett før han hoppa av rein skrekk, seier Linda.

Knivdrap på kompis

1. juni i år melde NRK Dagsnytt at ein 22-åring frå Hordaland var sikta for forsettleg drap i Telemark. Det var Ove André. Han hadde brote seg inn i ei hytte saman med ein kamerat frå evangeliesenteret. Dei hadde drukke sprit, og i følgje Ove André hadde kameraten vorte rabiat og prøvd å kvele han. Det endte med at Ove André stakk kameraten ti gonger med kniv.

22-åringen melde sjølv frå om drapet. Han vart varetektsfengsla.

— På ein måte var det ei letting, enda så forferdeleg det høyrest ut. Vi tenkte at nå kan han i alle fall ikkje stikke av frå hjelpa, seier faren, Arne Lien.

Både advokaten og fengselet fekk beskjed om at 22-åringen var depressiv og suicidal, og hjelp vart lova.

— Men det skjedde ikkje ein drit. Ikkje ein drit, seier Mona.

- Toppen av isfjellet

Seks veker seinare var det slutt. Ove André vart funnen død på cella 18. juli. I eit kort brev forklarte 22-åringen at han ikkje kunne leve med å ha gjort to barn farlause, heller ikkje med alt det han hadde påført familie og vennar av smerte.

— Eg besøkte han på cella søndagen før. Då sa han at det ville kome fleire som han, at han var berre toppen av isfjellet. Det er skremmande. Eg veit om mange 14- og 15-åringar her i Salhus som brukar ecstacy. Mykje ecstacy, seier Linda Knarvik.

MOT UNDERGANGEN: Ove André Lien frå Salhus var 18 år då dette biletet av han vart tatt. Då var han allereie i gang med å bruke sentralstimulerande narkotiske stoff. Foreldra Liv og Arne Lien greidde aldri å få han ut av misbruket.

MOT UNDERGANGEN: Ove André Lien frå Salhus var 18 år då dette biletet av han vart tatt. Då var han allereie i gang med å bruke sentralstimulerande narkotiske stoff. Foreldra Liv og Arne Lien greidde aldri å få han ut av misbruket.
JAN M. LILLEBØ