OVE ARNE OLDERKJÆR(tekst og foto)

«Hareidetunet» står det ved sida av inngongsdøra til Tordis (69) og Ragnar Hareide (70) sin velstelte heim på haugen ovanfor Rubbestadneset kai på Bømlo.

Her vaks Knut Arild Hareide lukkeleg opp som den yngste i ein søskenflokk på fem brødre. I andre etasje står guterommet til dei to yngste brørne om lag slik det alltid har gjort. Knut Arild sin plass er øvst i etasjesenga, bror Steinar ligg underst. Slik er det framleis når dei er på besøk heime.

Kveldsbøna «Nu lukker sig mit øje, Gud fader i det høje» er brodert på eit bilde på veggen.

Steinar (32) og Knut Arild (31) bur også saman i felles leilighet i Oslo, der eldstemann er jurist. Dei studerte begge i Bergen, Knut Arild er utdanna siviløkonom frå NHH.

Hareide-namnet kjem frå Sunnmøre i lag med faren, pensjonert Wärtsilä-medarbeidar og tidlegare Sp-politikar i Bømlo.

— Det har vore mange politiske diskusjonar rundt middagsbordet hos oss. Knut Arild viste tidleg interesse. Ein gong me kom frå arbeid hadde han ringt til valforskar Henry Valen for å spørja om noko. Då var han berre elleve år, seier mora.

Tordis Hareide er ekte bømling. Ho kan sjå tilbake på mange års innsats ved det tidlegare Fiskerikontoret for Sunnhordland, og fire bolkar som KrF-representant i kommunestyret, og to i fylkestinget.

— Det var KrF som var interessant for Knut Arild. Og det er heilt greitt at han blir sjef for Miljøverndepartementet. Miljø og bistandsarbeid har han alltid vore oppteken av, seier far Ragnar.

— Han har alltid vore ein grei gut. Nokre fantestrekar fann vel han på óg, men dei er gløymde no, seier Ragnar Hareide, faren til Bømlo sin første statsråd.

Det er ikkje lett å finna riper i lakken til den unge ministeren. Han har vore speidar, orienteringsløpar, har stått i det kristne ungdomslaget Varden, han har stått i Ten sing. Han trenar dagleg, har sykla Birkebeineren, er glad i å gå på ski.

— Og så er han flink til å baka. Han har jobba som ekspeditør på Rubbestadnes-kaien, han har som tre av brørne vore BT-bud. Han har alltid jobba, han er ein arbeidsom kar, seier mor Tordis.

<b>COMING MAN:</b> Knut Arild Hareide som tiårig konfirmasjonsgjest i Rubbestadneset.<p/> FOTO: PRIVAT FOTO
<b>GUTEROMMET:</b> Slik søv ein statsråd på heimebesøk på Bømlo, øvst i etasjesenga på guterommet. På veggen broderte bilde med blant anna kveldsbøna «Nu lukker sig mit øje ...»<p/>
<b>STOLTE:</b> Mor Tordis og far Ragnar er miljøvernminister Knut Arild Hareides stolte foreldre som let flagget gå til topps på Rubbestadneset i går.