Normalt veg ein nyfødd kalv rundt 40 kilo.

— Han er så liten at han kan gå under andre kalvar, smiler matmor Hilde Sæthre. Det var søndag 3. august det vesle knøttet kom til verda. På garden venta dei ikkje noko fødsel, så Hilde Sæthre berre bles då barnebarna Jakob André (5) og Ole Martin (7) kom stormande inn på kjøkkenet og fortalde nyhendet:

— Det ligg ein bitte liten kalv på bøen! Men då gardbrukarfamilien forsto at ungane ikkje for med tull, fekk dei fart på seg. Den nyfødde blei boren i hus, og mora blei henta for å bli mjølka.

LITE KNØTT MOT ALLE ODDS: Fødd åtte veker for tidleg er kalven så liten at han kan gå under andre kalvar. Matmor Hilde Sæthre meiner han har lagt på seg litt etter fødselen. Då var vekta 7,5 kilo. Normalt veg ein nyfødd kalv fem gonger så mykje. FOTO: ODDLEIF LØSET, FIRDA TIDEND