Tyrkiske Sinan og norske Karianne har eit lite barn saman, og vil gifte seg. Men norske styresmakter sender no Sinan ut av landet for minimum to år.

Tyrkiske Sinan Buzlucay har rett på familiegjenforeining med sin ni månader gamle son og den norske sambuaren sin. Men han må søkje frå heimlandet. Dermed vil det ta over to år før han ser familien sin igjen. Denne veka må han ut.

Har følgd lover og reglar

Paret er fortvila over handsaminga dei har fått i Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemda (UNE).

— Vi har heile vegen spurt norske styresmakter om råd, og har følgd norsk lov og norske reglar i håp om å kunne etablere familie her i Norge. Men til ingen nytte, seier paret.

Som alltid startar det med ei kjærleikshistorie. Karianne Karlsen har sin nære familie i Førde, men bur og jobbar i Oslo. Ho og Sinan Buzlucay jobba begge i reiselivsbransjen då dei møtte kvarandre i Tyrkia i 2005. Etter kvart som forholdet utvikla seg, vart dei samde om at Sinan skulle kome til Norge og etablere seg saman med Karianne. Dei spurte mellom anna den norske ambassaden i Ankara om råd.

I mars 2008 kom Sinan til Norge på vanleg turistvisum. Han er utdanna innan hotellfag, og hadde jobb klar i Norge. Han søkte om arbeidsløyve, men fekk avslag.

Av omsyn til barnet

I mars i år fekk paret ein son, Nikolai Deniz, og no ønska paret familiegjenforeining. Men meldinga frå UDI og UNE er klar: Sinan må følgje hovudregelen. Og den er at søkjaren må dra tilbake til heimlandet og søkje om familiegjenforening derfrå.

— Problemet er at Sinan medan han oppheldt seg i Norge er innkalla til militærteneste i Tyrkia, fortel familiens advokat, Djordje Borojevic.

— Tenesta er 15 månader, og deretter må han søkje om familiegjenforeining. Samla tek dette mellom to og tre år.

Advokaten meiner at sterke omsyn talar for at norske styresmakter bør la Sinan vere i Norge medan søknaden om familiegjenforeining blir handsama.

— Omsynet til det vesle barnet og barnets rett til å vekse opp med begge foreldra, må vege tyngst. Hugs på at dette er eit par som har følgt norske lover og reglar. Likevel må Sinan reise ut av landet før jul, slik at mora og den vesle guten blir aleine, seier advokaten deira.

Kjem til å reise

Sinan har har tenkt å følgje pålegget om å reise.

— Han har billett til Ankara den 19. desember, fortel sambuaren hans, Karianne Karlsen. – Han må jo reise, elles blir alt mykje verre seinare.

Ho er sjukmeld no, men skal tilbake i arbeid utpå nyåret. Advokaten deira er trygg på at Sinan faktisk kjem til å få familiegjenforeining.

— Det har han rett på. Men det er jo fortvilande at det må gå fleire år når det er mogeleg å gjere unntak, seier advokat Borojevic.

- Farefritt å vende heim

Til Bergens Tidende seier Sinan at han kan avtene tyrkisk verneplikt, men ikkje no. Men utsett teneste kan han ikkje søkje om frå Norge utan gyldig arbeidsløyve, noko han altså har fått avslag på.

— Paret ber om at styresmaktene viser rimelege omsyn, ikkje minst til barnets situasjon. Men så langt er det avslag, seier advokaten.

UNE peikar i sitt vedtak på at han må søkje frå heimlandet, og at det er farefritt for han å vende tilbake dit. I avslaget heiter det at UNE har vurdert om det føreligg sterke rimelegheitsgrunnar, men skriv at «vilkåret ikke er oppfyllt».

Informasjonssjef Bjørn Lyster i UNE vil ikke kommentere saken så lenge det er dukket opp nye opplysninger nemden ikke har vurdert, og viser til avslaget.

— Men dei har ikkje vurdert realiteten i saka, nemleg at Sinan ikkje kan vende tilbake på fleire år, seier advokaten.

Hva er ditt synspunkt på at Sinan må reise ut av landet. Diskutér saken her.