24 år gamle Lerum var student på lærarutdanninga ved høgskulen, men hadde praksisplass ved Leikanger ungdomsskule. Dit var ho også på veg då ein stein losna nær 200 meter oppe i det rasfarlege Fatlaberget, og slo gjennom frontruta på bilen slik at ho omkom.

Medstudentar og tilsette skal minnast Lerum i kantina på lærarutdanninga klokka 13.

Katrin Lerum spelte fotball for A-laget til Kaupanger, og så seint som søndag spelte ho kamp. I går ettermiddag var lagvenninner og andre i apparatet rundt damelaget og Kaupanger IL samla på klubbhuset.