• No gjeld det å ta vare på kvarandre, halda rundt kvarandre, snakka med kvarandre, og ikkje la nokon bli gåande for seg sjølv. Hendinga viser kor kort vegen er mellom liv og død, seier soknepresten.

ØRJAN DEISZ (foto)

Slik formante sokneprest Johnny Knudsen i Kvam ein stor ungdomsflokk som i går føremiddag var møtt fram i Steinsdalen der 18-årige Norvald Valland Soldal frå Øystese miste livet i ei trafikkulykke seint torsdag kveld. Han var lærling ved fiskeoppdrettsanlegget i Fyksesund.

— Det var ungdomane sjølve som tok initiativet til denne minnemarkeringa, fortel soknepresten til Bergens Tidende.

Kameratflokken til den omkomne og elevar ved Øystese gymnas delte sorga med den næraste familien som fekk ei stund for seg sjølv, la ned blomar og tente faklar på ulykkesstaden. Deretter la ungdomane ned kvar sin blome.

— Dette er så uendeleg trist, sa Knudsen. Han meinte dei unge hadde byrja sorgarbeidet på ein god måte ved å samlast på ulykkesstaden saman med den nære familien.

— Hendinga viser kor kort vegen er mellom liv og død, seier soknepresten.

Åleine i bilen

Politiførstebetjent Ivar Tveiten ved Kvam lensmannsdistrikt fortalde sakleg korleis ulykka hadde bore til.

Den omkomne køyrde åleine i bilen, tett bak ein bil med to kameratar, oppover Steinsdalen mot Kvamskogen. Like etter den slake høgresvingen før beinstrekninga opp mot Lid Jarnindustri, har han mist kontrollen over bilen. Politiet veit framleis ikkje kvifor, men trur at vidare etterforsking vil gje svar.

Bilen dunka borti autovernet på høgre side av vegen, på ein stad der det er lågt, ved avslutning mot bakken. Bilen slo tvers av ein lyktestolpe, så gatelyset gjekk i heile dalen, og gjekk kast i kast over gang- og sykkelvegen og ut på ei eng. Føraren vart funnen rundt 70 meter frå bulken i autovernet, medan bilen trilla nokre meter vidare. Redningsfolka gjorde det dei kunne for å berga liv, men lukkast ikkje.

Viktig vitne

Politiførstebetjent Tveiten opplyser til Bergens Tidende at det ikkje var merke på bilen som køyrde fremst. Dei har difor neppe vore borti kvarandre. Han vil ikkje spekulera i om at avbrote forsøk på forbikøyring var ulykkesårsak, men stadfester at føraren av ein møtande bil er eit viktig vitne.

— Er denne strekninga brukt til kappkøyring?

— Vi har fått meldingar frå folk som bur langs vegen som tyder på at det i alle fall kan gå fort unna. Vi har også tatt ein del førarar i fartskontrollar, men direkte kappkøyring har vi ikkje påvist, seier Tveiten.

Sjekkar klar bane

Drosjesjåfør Aage Børven stadfester overfor Bergens Tidende at det vert køyrt styggfort i denne 70-sonen, fordi det er einaste rette strekninga av noko lengde i heile Kvam. Men han har ikkje opplevt å møta kappkøyrande bilar side om side. Og han har ingen kunnskap om farten under ulykka torsdag kveld.

Børven seier at farten blir høgast seint på kvelden og om natta, når det er små sjansar for at politiet er ute. Dei som vil køyra fort, køyrer gjerne nokre turar i normalt tempo først, for å sjekka om kysten er klar. Han har tru på at politiet får fangst dersom dei er snedige som for fem-seks år sidan. Då la dei seg i dekning tidleg og let småsyndarane passera, for så å slå til når laseren gjorde verkeleg store utslag.

I SORG: Kameratflokken til den omkomne og elevar ved Øystese gymnas delte sorga med den næraste familien på ulukkesstaden i Steinsdalen. <p/> Sokneprest Johnny Knudsen på ulukkesstaden