Minnestunda vart halden i gymnasikksalen i hovudbølet på Vatletun nær Voss sentrum, der flagget har vaia på halv stong sidan skulen vart varsla om ulykka ved 12.00-tida måndag. Elevar frå alle avdelingane ved skulen fekk høve til å delta i minnestunda, saman med pårørande og lærarar.

Både lærarar og elevar har tunge dagar. Dødsfallet måndag morgon kjem i tillegg til tragedien i sommarferien, då Kenneth Skoldli (17) omkom i ei liknande trafikkulykke. Han var elev på elektrolina ved filialen i Granvin. Den ulykka skjedde like ved avdelinga på Bryn på Palmafossen, der Andrè Vedaa Fjellanger var elev på køyretylina. Båe køyrde lett motorsykkel, og støytte saman med lastebil.

Jorunn Lødemel var rektor for begge elevane. Ho gav også i går uttrykk for at ho personleg tek det tungt. Rektor var i går oppteken av å gje elevar og tilsette ved skulen tid og rom til å arbeida med sorga si.

Dødsfallet har sett sitt preg på dei sju elevane som er att i klassen på VK1 køyrety, tidlegare nemnd som bilmekanikarlina. Dei sju har alle lett motorsykkel eller moped, med levande interesse for motorkøyrety. Sjølv om det er bortimot tre mil mellom Palmafossen og Granvin, kjende fleire i bilmekanikarklassen begge dei omkomne. Fleire var skulekameratar med Kenneth i ungdomsskulen.

MINNE: Bilete, blomar og eit enkelt lys på kvit duk er sett opp i hovudinngangen til Voss vidaregåande skule si avdeling på Bryn, til minne om bilmekanikareleven Andrè Vedaa Fjellanger (17).
Foto: Rune Sævig