Etter at dei fleste hadde teke kvelden, sat ho der og oppfylte dei krav ho stilte til seg sjølv som tillitsvald.

Ikkje minst som ombodsmann for dei mange som vende seg til henne med bøn om hjelp. Politisk kjempa ho for at velferdsstaten skulle nå alle. Eg ser henne for meg, med brillene på nasa, konsentrert om skrivinga.

Ho gjekk rett til topps, i høflege, men direkte ordelag. Og ho etterspurde resultatet. Det ho likte minst var unnasluntring og likesæle. Ho var stolt av å vere stortingsrepresentant. Når einskilde i partiet meinte at republikanske SVarar ikkje burde gå i kongemiddag, fekk dei kontant svar.

Kven skulle ho tru ho var som kunne takke nei når majesteten inviterte, noko dei aller fleste av veljarane ville sett på som ei ære å kunne takke ja til. Ho var trygg på at ho representerte sine veljarar også i slike samanhengar.

At hennar humoristiske sans har gått i arv fortel fylgjande: Etter at ho hadde delteke i middag på Akershus slott til ære for Indira Gandhi, som var på statsbesøk, kom ho tilbake til hybelen. Ho hadde fødselsdag, og yngste sonen hadde vore innom med helsing: «Til lukke med bursdagen mamma! Så fint at Indira kunne komme!»

Utanriks— og tryggingspolitikk var ho spesielt engasjert i, og ho var ein god rådgivar for dei som utanom henne, hadde formelt ansvar for dette i parti og stortingsgruppe. Då Sosialistisk Venstreparti fekk plass i Nobelkomiteen, var ho den sjølvsagde kandidaten. Også vervet i Riksrevisjonen skjøtta ho med stor interesse og flid. Ho ga uttrykk for at ho tykte det var eit privilegium å kunne ha ein slik overgang til pensjonisttilvære.

Som politikar likte ho å reise og sette seg inn i saker ved sjølvsyn. Ho hadde lite sans for kritikken som jamt og trutt blei retta mot representantane si reiseverksemd. Dei fremste folkevalde burde ikkje vere heimfødingar, men komme seg ut for å få nye perspektiv og betre grunnlag for å fatte viktige vedtak. Men best kjende ho sitt eige land. Det var ei oppleving å vere med henne i valkampsamanheng. Alle skulle snakke med Hanna. Og hadde ikkje ho sjølv mana til realisme, kunne vi lett tru at vi ville «vinne valet».

Hanna Kvanmo hadde ord på seg for å vere kontant og brysk i sin veremåte. Sant nok, men vi som kjende henne, såg også ei anna Hanna. Ho som såg og hjelpte når andre hadde personlege problem å stri med, og det galdt ikkje berre eigne partifellar. Blant dei som levde sitt liv på gata, blant dei som slit mest, hadde ho ei stor stjerne.

Ofte tok rusleturen frå Stortinget til hybelen ganske lang tid, ho blei stoppa av mange som ville helse på. Ho lo godt når ho fortalde om han som tydeleg bar preg av eit liv på gata, som slo henne kraftig på skuldra og erklærte: «Du er ein av vårs du, Hanna!»

Hanna Kvanmo var eit rikt utrusta menneske, ein markert personlegdom som mange fekk bryna seg på. Ofte trudde tilhøyrarane at ho kom på ein slåande replikk der og da. Det gjorde ho nok også, men ofte hadde ho tenkt ut trekka på førehand.

Ho likte å få siste ordet, men det var det også andre som gjorde, t.d. Kåre Willoch. Vi som på nært hald opplevde duellane mellom dei på slutten av tunge debattar, gløymer dei aldri. Ho likte sjølvsagt ikkje å tape avstemningane, men det hjelpte litt å vinne debatten. Og etterpå ville ho ha ein liten fest! Aldri før, berre etterpå! Ho var nøye slik, alt til si tid.

SV sitt grupperom var under hennar leiing ofte seminarrom. Også for pressefolk som trong bakgrunnskunnskap og som trivdes i hennar selskap. Men ho innprenta oss andre at vi ikkje måtte forvente meir venlegsinna omtale av vår politikk, sjølv om vi kunne ha mistanke om at einskilde journalistar også var meiningsfeller av SV. Snarare tvert imot. Ho forventa profesjonalitet og hadde respekt for dei ulike rollene.

Ho var eit familiemenneske med levande omsorg for sine nærmaste og slekta, heile livet. Eg hadde gleda av å vitja henne fleire gonger i heimen ho og mannen bygde i Arendal. Ein heim på ein stad der familien ville ha lyst til å vere i ferien, som ho sa.

Sist, nokre veker før landsmøtet i Kristiansand. Det vart ein kveld med mykje lått og løye. Ho ga knivskarpe politiske analysar og hadde slagferdige replikkar, som før. Og raudvinen smakte oss godt, framleis! Helsa hadde svikta dei siste par åra, men gnisten og livsgleda var til stades. Både ho og mannen til tross for helsesvikt, understreka kor bra dei tykte dei hadde det i sitt pensjonisttilvære.

Ho ynskte sterkt å vere til stades på det siste landsmøtet i partiet, men ho var usikker på om helsa ville tillate det.

Men ho klarte det, og gjennomførte med stil!

Ho heldt «hoff» som i sine beste dagar. Partifeller og pressefolk sverma rundt henne og fekk ei oppleving av at Hanna Kvanmo var den ho var, framleis.

Og no er ho borte. Mange kjenner sorg; vi som kjende henne personleg, men også dei mange som berre kjende politikaren Hanna Kvanmo. Ho vil bli hugsa lenge.

Personleg kjenner eg takksemd for det ho ga meg, først og fremst tillit og oppgåver med ein bratt læringskurve, då eg i 1981 kom fersk til ei stortingsgruppe som var blitt fordobla til fire. Gjennom åtte års nært samarbeid voks det også fram ein venskap, eit privilegium, slik eg kjenner det.

Tyngst blir saknet for dei som sto henne nærast og som ho var så nær knytta til, eigne barn og deira næraste, barnebarn, oldebarn og slekta elles.

Vi i Sosialistisk Venstreparti vil minnast henne med stor takksemd og i respekt for det ho sto for og representerte.

KJELLBJØRG LUNDE

REPLIKK-KUNST: Hanna Kvanmo likte ikkje å tape avstemningar, men det hjelpte litt å vinne debatten. FOTO: BJØRN SIGURDSØN/SCANPIX