I vekene etter terroraksjonane på Utøya og i Regjeringskvartalet 22.juli 2011 vart det lagt ned store mengder minnekort og blomar ved den blå stein i sentrum.

Då blomane og korta etter nokre veker skulle takast bort frå steinen vart det sagt frå kommune og byråd at alt skulle bli teke vare på. Blomane skulle til dømes bli til kompost som skulle nyttest vidare i andre samanhenger knytt til 22.juli.

— Vi må ta en diskusjon i ettertid om kva vi skal gjere med den komposterte jorda, sa byrådsleiar Liv Røssland den gong.

Tre år med ugras

Det kan late til at kommunen gløymde å ta denne diskusjonen. Blomane vart riktignok til jord, men langt frå til den bruken den var tiltenkt.

— På kassen stod det «Den blå sten», og den vart sett her ei lita tid etter hendingane i 2011. Sånn har den stått heilt sidan den gongen, seier nabo Thore Lund.

Han har si faste turløype forbi blomekassen og har sett ugresset gro opp frå— og over treverket gjennom snart tre år.Kassen der blomane vart lagt står plassert på ein kommunal gård inst i Sanddalsbotn ved Nesttun. På botn er kassen dekka av gras, skrifta på sidene er vaska ut, og oppi ligg eit gitter som ugresset delvis har skubba til side.

Arkivet stilde ut

Blomane vil bli kompostert slik at jorden blir teke vare på. Kva jorda skal nyttast til, er ikkje avgjort enno. Den kan bli nytta i minnelunder eller til annan symbolsk bruk.

Slik formulerte byråd Liv Røssland sine ønsker for blomane då dei vart fjerna fra den blå steinen august 2011.

Det heile vart organisert ved at Grøn etat skulle ta alle blomane, og Bergen byarkiv skulle ta vare på alt det andre som vart lagt ned i tida etter terroren.

— Vi tok helsingane, breva og bamsane, medan grønn etat skulle ta blomane og pynten. Eg er ikkje sikker på kva dei har gjort med dette materialet i ettertid, seier Ragnhild Botheim, avdelingsleiar i byarkivet.

Byarkivet stilde ut minna frå minnesmarkeringane i form av utstillinga "Folkets sorg— en minneutstilling" i 2012, eit år etter åtaka.

Sjekket status

Då BT først tek kontakt med Grønn etat i Bergen kommune kan etatsjef Sissel J. Lerum opplyse om at dei må sjekke status på blomane.

Seinere blir vi oppringt av Jarle Birkeland fra Grønn etat, som ærleg må innrømme at etaten har gløymd seg bort i denne saka.

— Vi kjem til å reise opp i morgon, så får vi bare sjå om det er noko jord att der som vi kan ta med oss, sier Birkeland.

Kva som skal gjerest med jorda etaten eventuelt får med seg er enno ikkje klart.

— Det blir iallefall å reise opp og rense opp, så det ser fint ut. Så får vi avvente og sjå kvar det passar seg å leggje den jorda som eventuelt er att, seier Birkeland.

Etatsjef Lerum presiserer seinere at det ikkje var deira ansvar å finne ein stad jorda skulle leggjast etterpå. Dette forklarar at den har kunnet ligge på kommunegarden i tre år.

— Vårt ansvarsområde strekker seg så langt som å kompostere og ta vare på jorda, seier ho.

Men det er nær inga jord att?

— Det må vi sjå på i morgen når vi reiser opp, avsluttar Lerum.

DEN GANG DÅ: Slik såg det ut på Kong Olav V plass 27. juli 2011.
OLE VALAKER
MINNERS MINNE: Berre den blasse brune boksen skil ugraset som har vakse opp frå 22. juli-blomane frå terrenget på resten av garden.
Tor Høvik