I heile dag har rundt 40 Røde Kors-mannskap og frivillige leita etter 66-åringen, som fall over bord frå båten sin då han var ute for å dra liner sman med ein kamerat torsdag kveld.

Om lag ni småbåtar blir nytta i søket langs strendene på begge sider av Langenuen i dag, mellom Mehammar og Grov på Stord-sida og langs land på Huglo— og Tysnes-sida. I alt blir det søkt over ein knapp kvadratkilometer farvatn. Den sterkt trafikkerte skipsleia Langenuen er rundt 200 meter djup og har vanskelege straumforhold. Det er Bømlo-selskapet Amundsen Diving som skal førestå søket med miniubåt.

Etter utsegn frå mannen som var med den forulukka, skal han ha gått under straks han hamna i sjøen. 66-åringen skal ikkje ha vore symjedyktig, og hadde heller ikkje redningsvest. Han er heimehøyrande i området.

SØK:Tom Kenneth Johannessen (t.v.) og Jonathan Zaneski er blant dei rundt 40 frivillige som i dag har søkt i Langenuen etter den sakna 66-åringen frå Stord. Zaneski var den som kom først ut til ulukesstaden då han høyrte rop frå kameraten til den sakna.
OVE OLDERKJÆR