OLAV GARVIK

— Det viktigaste no er å tenkja på å få meg ein jobb! Eg er jobbsøkjar, så får eg sjå kva det blir til. Eit par jobbtilbod har eg alt fått, også frå næringslivet. Akkurat der trur eg at eg kunne gjera ein god jobb, seier 52-åringen med harkande og hostande røyst.

Det er dagen derpå, nær sagt blåmåndag, heime hos familien Sæle. Stortingsrepresentanten vart sundag slått ut med influensa etter at Laila Dåvøy slo henne ut dagen før. Er det ikkje det eine, så er det gjerne det andre.

— Eg konstaterer at det er tre parti som alt har meldt si interesse for å nominera meg til stortingsvalet, ein offisiell og to uoffisielle førespurnader.

— Den offisielle?

— Den er frå Kristent Konservativt Parti.

— Er ikkje det eit marginalt parti?

— Absolutt. Men følaren frå Kystpartiet veg tyngre. Det partiet har eit veldig godt program, og sjølv ser eg på meg som ei kystkvinne.

Skuffa over Tungesvik

— Betyr det at du verkeleg tenkjer på å stilla til val for eit anna parti enn KrF?

— Nei, eg er ikkje klar til å ta stilling til det. No går eg i tenkeboksen, for etter 26 år som folkevald for KrF har eg tenkt å bruka mange timar i «boksen».

Det betyr og noko at Dagfinn Høybråten har ringt og bedt meg om ein samtale. Han sa at KrF har bruk for meg vidare.

— Kva har skuffa deg mest i denne nominasjonsstriden?

— Det er nok intervjuet Hans Olav Tungesvik gav til Bergens Tidende nokre dagar før nominasjonen. Det skuffa meg veldig, seier Apelthun Sæle.

Ho er og svært lei seg for at nominasjonsnemnda sende ut ei liste til utsendingane som gav eit misvisande bilete av prøvenominasjonane i lokallaga. Der gjekk det fram at ho hadde fått femteplass. Hadde ein brukt same framgangsmåten som tidlegare, ville ho hatt andreplassen, meiner ho.

Redaktørhjelp

Men slaget er ikkje tapt for dei som har kjempa for å skaffa Anita Apelthun Sæle endå ein stortingsperiode. KrF-ar og assisterande redaktør Bjarte Ystebø seier til BT at han personleg vil arbeida aktivt for at ho kan få plass på ei anna partiliste, og han grunngjev det slik:

— Det er fare for at ein stor del veljarar vert heimesitjarar etter at KrF korkje fann plass til Anita eller Karl Johan Hallaråker. Det må vi unngå. Derfor er det naturleg å innleia samtalar med eit av dei etablerte partia. Det viktigaste er å sikra eit ikkje-sosialistisk fleirtal på Stortinget, og det er eg overtydd om at Anita kan bidra til, seier han.

- Hjelpande hand

Ystebø, som arbeider i bladet Norge i dag, fortel at han alt har hatt samtale med leiande folk i Kystpartiet.

— Er det særleg kristeleg?

— Ja, det er vel det? Partiet byggjer på eit kristeleg grunnlag, seier nei til EU og vil ha ein betre kommuneøkonomi.

— Kva seier Apelthun Sæle til det du driv med?

— Ho er orientert om det, men er lojal mot KrF.

— Er det i samsvar med KrF-medlemskapet ditt å opptre på denne måten?

— Enkelte vil nok meina noko anna, men eg oppfattar ikkje min aktivitet som fiendtleg mot KrF. Det er heimesitjarane eg vil ha tak i. Derfor ser eg dette som ei hjelpande hand til KrF, seier Bjarte Ystebø.

I TENKEBOKSEN: Anita Apelthun Sæle.<br/> FOTO: KNUT STRAND