Ingen av dei fire, som blei sende til sjukehus på Nordfjordeid og i Førde, skal vere alvorleg skadde.

Det var i alt åtte personar i minibussen som køyrde utfor vegen og hamna i ei elv. Dei fire andre kom frå hendinga utan skader.

Utforkøyringa skjedde på riksvegen mellom Svelgen og Ålfoten. Det skal ha vore svært glatt på staden.