18 dagar fengsel på vilkår og ei bot var til å leva med, men 18 månader utan førarkort vart i tøffaste laget for ein bilist som vart teken i promillekontroll «dagen derpå».

Med alle daglege gjeremål kan kvardagen bli vanskeleg utan bil i ei hordalandsbygd med dårlege kollektivtilbod. Løysinga vart ein småbil av den nye, førarkortfrie typen.

Politiet vil ha bilisten frådømt retten til å køyra førarkortfri bil også, men forsvararen vann fram i Voss tingrett. Retten kom til at det kunne gjerast ei skjønsmessig heilskapsvurdering, og fann småbilkøyring forsvarleg i dette tilfellet, sjølv om førarkortet for vanleg bil er inndrege. Retten ser mellom anna på denne «dagen derpå»-promillen som eit eingongstilfelle av ein vanlegvis lovlydig person.

Styggfort langs Vangsvatnet

For en del andre bilistar som har vore innom Voss tingrett i det siste, er minibil ikkje tema:

n Ein mann i 20-årsalderen må sona 14 dagars fengselsstraff for å ha køyrt i 133 km/t i 80-sona på E16 mellom Bulken og Vangen klink edru. Vil han framleis køyra bil, må han ta ny førarprøve etter ti månaders karantene.

n Ein 18-åring miste førarkortet i tre år etter ein promilletur i nabolaget der han mellom anna køyrde på ein bil som stod parkert i ein hage, og stakk av. Han må sona 21 dagar i fengsel og betala 7500 kroner i bot.

n Tre års inndragning av førarkortet må også tolast av mann i 40-åra som køyrde utfor murkanten på eine sida av vegen, og deretter gjennom terrenget, over ein plen og inn i ein hyttevegg på hi sida, med over 1,5 i promille. Fotgjengarar som unngjekk påkøyrsle heldt han til politiet kom. Fengselstraffa vart sett til 30 dagar, bota til 21.000 kroner, og skadar må erstattast med vel 37.000 kroner.

n Ein mann i 50-årsalderen må greia seg utan førarkort i to år etter å ha kosa seg med to halvannanlitersflasker øl medan han køyrde møkk med traktor på eige jorde. Promillen var låg nok til å sleppa unna fengsel om han held seg på matta i prøvetida på to år. Bota vart sett til 7000 kroner.

n Fengsel på vilkår vart også «fasit» for ein promillist i femtiårsalderen som hevda at han drakk mest etter at bilen var parkert. Straffa vart utmålt til 30 dagar, bota til 33.000 kroner og inndragingstida for førarkortet sett til to år.