Dei siste vekene har LOs sommarpatrulje intervjua 126 unge arbeidstakarar i Sogn og Fjordane om deira lønns— og arbeidsvilkår. I år var det særleg hotell, kafear, campingplassar og industri som blei sett under lupa.

På 12,5 prosent av dei undersøkte bedriftene avdekte Sommarpatruljen lovbrot. Blant anna oppdaga dei at fleire verksemder selde tobakk, sjølv om dei berre var bemanna med arbeidstakarar under 18 år.

– Det er ikkje lov å selje tobakk åleine når ein er under 18 år, då skal ein vere under oppsyn. Vi har varsla Arbeidstilsynet, seier Cecilie Marie Åshamar, LOs faglege ungdomssekretær i Sogn og Fjordane.

Utan overtidsbetaling

Ho fortel at det var på bensinstasjonar og gatekjøkken at dette var eit problem. Dei same stadene merka patruljen seg eit anna problem.

– Ungdom under 18 år handterte frityrgryte åleine. Det er ei farleg maskin, og det skal vere vaksne til stades, understrekar Åshamar.

Vidare var det fleire unge som jobba utover normal arbeidstid utan å få overtidsbetalt. Særleg på kafear var dette eit problem.

– Det skjer i bedrifter som ikkje har tariffavtale. Vanleg arbeidsdag er ni timar og 40 timar i veka. Jobbar ein over det, skal ein ha overtidsbetaling. Nokre sesongbetonte bedrifter meiner at når ein ikkje arbeider om vinteren, kan ein arbeide dess meir om sommaren. Men det fungerer ikkje slik. Også sommarvikarar skal ha skikkelege arbeidsforhold, seier Åshamar.

Fleire med kontrakt

I år var Sommarpatruljen innom 106 bedrifter, men på 42 av dei var det ikkje sommarvikarar. Det kan skuldast finanskrisa.

– Ein del bedrifter, som har hatt sommarvikarar tidlegare, hadde det ikkje i år, seier Åshamar.

Til trass for ein del lovbrot, fann patruljen også fleire teikn til betring. Talet på arbeidstakarar utan arbeidsavtale var halvert samanlikna med i fjor. Fleire hadde også lønnsslipp, som dokumenterer arbeidsforholdet.

– Det samla inntrykket var ganske bra. Mange hadde arbeidsavtale og mange treivst i sommarjobbane sine.

Sosial dumping i Hordaland

Også i Hordaland har LO gjennomført sin årlege Sommarpatrulje. Av dei 298 besøkte verksemdene, blei 22 rapportert til arbeidstilsynet for brot på arbeidsmiljølova. Det er hotell- og restaurantbransjen som står for flest brot.

– Unge og utanlandske arbeidstakarar utan kontrakt, mangel på overtid og lån løn er noko av det som går igjen, skriv LOs ungdomssekretær Kine Bratli Dale i ei pressemelding.

Dei merka seg også at somme arbeidsgjevarar framleis handsamar sine utanlandske tilsette annleis enn dei norske.

– Mens dei norske arbeidstakarane får løna dei har krav på, blir dei utanlandske arbeidstakarane underbetalt og plassert i uverdig buforhold under arbeidsopphaldet.

Er kontraktane i orden på din sommarjobb? Diskuter saka her.