— Men faktisk reisetid kan nok bli litt kortare. Det blir lettare å halda ruta. Saktekøyring på enkelte strekningar kan opphevast når skjenene er fiksa, seier Ole Erik Almenningen i Jernbaneverket.

Han er «fagleg leiar linje» på Bergensbanen.

Skal all saktekøyring opphevast, må det også gjerast ein god del med pukken som svillene ligg i. Tett trafikk og tunge godstog gir trong for oftare pakking, slik at svillene ligg stødig i pukken, og på rett plass.

Almenningen skulle gjerne hatt slipetoget her vest lenger enn han har fått tildelt.

  • Vi må droppa strekningar i Raundalen som burde vore tekne no. Vi er nøydde til å slipa i Trollkonetunnelen mellom Dale og Bolstadøyri. Der ristar det fælt lenge før toga kjem i toppfart, vedgår han.
  • Kanskje verkar det råflott å slipa skinner når det største problemet ligg i pukken under, men vi må nytta alle dei sjansane som byr seg, seier Almenningen.

Bergensbanen har eit stort etterslep etter 2004. Det året vart budsjettet kutta med 25 prosent, samstundes som banestrekninga vår vart utvida med 30 prosent, ifølgje Almenningen.