Dette utgjer 8181 bilar i gjennomsnitt pr dag. Trafikken var nesten 1000 bilar mindre pr. dag i dei tre første månadene i år enn gjennomsnittet for alle dagar i fjor.

Gjennomsnittet pr. dag i 2003 var 9105 bilar mot 8181 bilar i gjennomsnitt pr dag i dei tre første månadene i år. Trafikken viser likevel ein auke på 4,1 prosent i dei tre første månadene i år i høve til same periode i fjor.

Årsaka er skotåret og at det dermed er ein dag meir talgrunnlaget i år. Reell auke er om lag tre prosent, som er litt under auken dei siste åra.

I januar var auken i trafikken på 1,9 prosent (233.521 passeringar) i høve til same månad i fjor. I februar auka trafikken med 5,1 prosent (ein dag ekstra grunna skotår, 238.617 passeringar). Mars viste og ein ake på 5,1 prosent (272.365 passeringar).

Det er for tida eitt lån knytta til Nordhordlandsbrua på 230 millionar kroner. Lånet vil truleg bli nedbetalt i 1. kvartal 2006.