KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.noI år gjeld dette studieretningane for kjemi og havbruksteknologi. Dersom prøveordninga blir vellukka, vil ordningna gjelde for heile ingeniørutdanninga for år 2002. Tal fra Statistisk sentralbyrå viser at det kan vere 15.000 for få ingeniørar i Norge i 2010.I dag er kravet til nye studentar at dei skal ha tre år matematikk i vidaregåande skule for å kunne byrje på ingeniørutdanninga. — Nyordninga medfører at ingeniørstudentar kan få matematikkundervisning sommaren før dei byrjar på studiet, og sommaren mellom første og andre studieår, sier rektor Karl Olav Nummedal ved Høgskolen i Bergen (HiB).Ferske tal frå høgskulen viser at stadig færre ingeniørstudentar fullfører utdanninga. Av dei som skulle vore ferdige i fjor, fullførde berre 52,5 prosent. I 1999 fullførde 57,8 prosent av studentane som byrja på utdanninga tre år før. Hausten 2000 vart eit utval ved høgskulen sett i arbeid for å finne ut kvifor stadig fleire ingeniørstudentar sluttar i løpet av studiet. - Det er truleg svært mange og ulike årsaker til at studentane sluttar. Vi har ikkje grunnlag for å seie at manglande matematikkunnskapar er viktigaste årsak, seier rektor Nummedal. Best gjennomstrøyming av faga på HiB har helse- og sosialfaga med 82,4 prosent og lærarutdanninga med 79,9 prosent i 2000. Året før var gjennomstrøyminga 80,8 prosent for helse- og sosialfaga og 84,7 prosent for lærarutdanning.