Det er Statens forureiningstilsyn, SFT, som har rekna ut dette. 320.000 tonn CO2 høyrest mykje ut. Det er likevel berre vel 0,5 prosent av dei totale norske utsleppa av klimagassar.

Men alle monnar dreg, og eit slikt resultat er god nok grunn for SFT til å føreslå påbod om biodrivstoff i bensin og diesel.

SFT kom med forslaget sitt i april 2006. Og i fylgje Aftenposten har olje— og energiminister Odd Roger Enoksen avgjort at påbodet skal setjast i verk ein gong i 2007.

Statsråden fylgjer då opp SFT sitt forslag om å krevja 2 prosent tilsetjing av biodrivstoff frå i år, og 4 prosent frå 2010.

Sjølvsagt oppstår det CO2 også ved forbrenning av biodrivstoff. Når biodrivstoff likevel medfører lågare utslepp av klimagassar, er det fordi biodrivstoff er laga av biologisk materiale, som likevel gjev frå seg CO2 når det rotnar i naturen. Nettoutsleppet av CO2 går altså ned når biodrivstoff erstattar fossilt drivstoff frå olje.