Gaia Trafikk innførte kundegarantien i oktober i fjor. Denne garanterer mellom anna at kundane får dekka drosje dersom bussen er meir enn tjue minuttar for sein. Gaia har budsjettert med 250.000 kroner til å betala kundane sine drosjerekningar.

Til no i år har dei betalt ut litt over 64.000 kroner. I heile fjoråret betalte dei ut like over 70.000 kroner.

— Det går mykje betre enn frykta. Då vi innførte kundegarantien, trudde vi at vi skulle få veldig mange drosjerekningar. Slik det ser ut, vil vi bruka berre halvparten av det vi har budsjettert med, trass i at vi har ein veldig liberal politikk på kva drosjerekningar vi godtar, fortel markeds- og informasjonssjef Nicolay Leganger til BT.

Gaia har òg innført standard for korleis sjåførane skal køyra, kva service dei skal yta og kva klima som skal vera i bussane. Det er òg innført såkalla stive tider, der bussane skal gå på tidspunkt som er enkle å hugse. Alt dette for å få fleire til å la bilen stå og heller ta bussen.

Gaia har i sommar slite med at trafikken stoppar opp på grunn av vegarbeid i sørlege bydelar. Då kan ein busstur som er sett opp til 15 minutt raskt ta 25 minutt. Dette har skapt problem med at passasjerane har måtta venta for lenge på overgangsbuss.

Mandag 12. august er det slutt på sommarrutene, og Gaia startar opp igjen med normal frekvens på rutene. Dette betyr at det skal koma ein buss kvart femte eller kvart tiande minutt på 70 prosent av rutene.