- Kva er dine søndagsplanar? — Det vert nok litt seint laurdag, så eg skal sova litt. Elles har eg ikkje så store planar, skal kanskje sjå fallskjermhopping som har vorte utsett pga vêret. Og så skal eg sjå fotballkamp om kvelden.

- Korleis har Veko vore? - Samla sett har veka vore veldig, veldig bra! Det kunne vore betre vêr, ein del aktivitetar har vorte utsett. Konsertane har vore veldig bra.

- Har du som pressekontakt fått med deg noko av veka, eller har du berre sprunge rundt med nyfikne journ a listar? - Oppgåva mi har først og fremst vore å vera tilgjengeleg på telefon. Det har vorte ein del telefonar, men eg har fått med meg litt.

- Korleis er den optimale somma r søndagen for deg? - Det må vera fint vêr, noko det ikkje har vore her på Voss så langt, i alle fall ikkje etter eksamen. Eg vil bruka dagen til å slappa av, kanskje bada, og grilla. Rett og slett gjera sommarting.

— Har du planar for resten av sommaren?

— Eg skal jobba i avisa Hordaland. Og så vert det kanskje ein tur til Frankrike før studia byrjar att.