«Eg viser til øydeleggjande massemediaomtale av min gode hjelpar og ekte venn, Aksel Kloster ... og hans familie. Eg vil presisera fylgjande: Aksel Kloster har arbdeidd mykje med «mi» sak sidan 1984, ei sak til beste for heile Hordaland.

Under alvorlege helseproblemer, har eg «utstyrt» Aksel Kloster med ei rekke fullmakter ... også fullmakter til, i naudstilfeller; å ha fullmakt til å ta ut pengar. Eg må og vil presisera at Aksel Kloster har aldri teke ut eit einaste øre, eller nokon gong å ha berika seg av pengar frå meg», skriv Rundhovde.

«Aksel Kloster har aldri forlangt betaling for sin heilt utrulege arbeidsinnsats for meg og mi sak. So ynskjer eg alle: «at me må seier have over det lave», skriv Endre Rundhovde.

Aksel Kloster omtalar Rundhovde som ein ressurssterk stril og ein uvanleg gild mann med eit stort hjarta. «Faktum har vore at eg har freista hjelpa den gamle hyggelege personlegdomen på Rubbestadneset, samstundes som eg har trudd, og framleis trur, at hans rettar og pengar skal koma fylket, regionen og min eigen kommune til gode», skriv Aksel Kloster i sitt notat om Rundhovde-kontakten til Kvinnherad kommunestyre.

I sommar kom Rundhovde i likviditetskrise, han greidde ikkje å innfri ein nedbetalingsavtale med skattefuten på Bømlo. Dermed fekk Kloster fullmakt blant anna til å avhenda noko av Rundhovdes engasjement for å få inn kapital..

Kloster forklarer at engasjementet for Rundhovde utover sommaren og hausten i år blei noko større enn ønskjeleg. Då det blei medieomtale av aktivitetane i Skånevik, gav Kloster frå seg alle fullmaktene.