Heile dalen var grøn, det var grøne enger der timotei og kløver vaks side om side i munter blanding, men også åkrane var grøne, for her vaks det grønsaker.

Grønsakproduksjonen i Fyllingsdalen var formidabel, dalen vart kalla ”Bergen sin kjøkkenhage”. Og med god grunn, dalen forsynte ”hele Bergen og halve Sandviken” med gulrot, blomkål, hovudkål, kålrot, nepe, selleri, purre og salat.

Og i tillegg til dyrkinga av desse frilandsgrønsakene var det og 7-8 gartneri som sørgde for å halda byen med tomat og agurk — i tillegg til blomar. Om hausten gjekk det dagleg billass på billass og hestelass på hestelass med slike produkt til Laksevåg og Bergen.

Engene var grøne, åkrane var grøne og i liene rundt gardsbruka var det grøne lauvtre og nåletre som danna ramme rundt den grøne innmarka. Her var det godt å vere, her var det stillt, her var det fred og ro og her var det ”kjenningar i kvar ei krå”

Om sumaren var dalen grøn, om vinteren var han kvit, og ingen stader var snøen så kvit som nettopp her i Fyllingsdalen, og at snøen låg heile vinteren husker eg heilt tydeleg. Skibakkar var det over alt og vi ungane stod på ski heile vinteren.

Vegane var aldri salta

Også vegane var kvite den gongen, ingen salta eller strødde, vegane var for sledar og oss som gjekk på ski. Sto vi på ski ned Lauvåsbakkane var det ikkje problem med å kryssa vegen, bussen gjekk ein gong i timen og andre bilar var det lite av. Vegen og vegmurane var ofte den tida sine hoppbakkar. Snømengdene var større og brøytekantane mykje høgare den gongen, dei gjekk oss over hovudet bokstaveleg tala, det kunne nok skuldast at vi var små den gongen, men likevel¿

Men vi hadde fullgode hoppbakkar den gongen og, ”Samdalen” var ein av desse. Denne bakken låg der ”Klauvsteinen burettslag” ligg i dag. Her var det ein naturleg bakke med både ovarenn, kul og unnarenn, det var berre å bygga hopp av snø og fylla på litt snø her og der i ovarennet så hadde ein fullgod hoppbakke. Her vart det bygd både to og tre hopp slik at ein fekk hoppbakkar i ulike storleikar med hopplengder frå 20 til 30 m og ned til den minste der ein hoppa 10 til 15 meter. Stilhopparen Mads Grønner og krafthopparen John Jensen var dei store idola som vi yngre såg opp til, dei var i ei klasse for seg.

Her i Samdalen vart det avvikla mangt eit renn, mellom anna hadde Laksevåg Turn og Idrettslag sine klubbmesterskap her.

Gassflamme lenge før Statoil og Hydro

Heile vinteren var det stålis på vatna rundt om i dalen, her gjekk vi på skeiser både på dagtid og kveldstid. Særlig var det fint å gå på skeiser om kveldane før, det var alltid måneskin og nordlys den gongen. Stjernene var og mykje større og klårare, det var ikkje andre lys som konkurrerte med desse naturlege lyskjeldene den gongen. Til og med lommelyktene var my-kje betre før, vi kunne verkeleg sjå at dei lyste den gongen.

Men vi kunne skaffa oss lys på andre måtar og.

I isen på Lynghaugtjønna fann vi alltid ei mengd gasslommer, det var myrgass som hadde stege opp frå vatnet og danna gasslommer i isen. Når vi hogg et lite hol i desse lommene slik at gassen strøymde ut og vi tente på denne, ja, då vart det ein fin gassflamme rett opp frå isen. Vi hadde såleis her i Fyllingsdalen gassflammer lenge før Hydro og Statoil laga sine på Mongstad og i Nordsjøen.

Kunsten å ”kjanke” bussen på spark.

Eg nemnde at ingen salta eller strødde vegane den gongen, difor kunne vi renna på kjelke heile vegen frå Skaret og ned til Lauvåsflaten i eit strekk, og det gjekk fort.

Det gjekk fort oppover og, då hang vi etter bussen. Laksevågbussane hadde ein støtfanger bak som var veleigna til å festa kjelketauet i, så vi vart dradd heile vegen, opp Krohnegården ein gong, og opp dalen neste, bussane køyrde vekselvis over Skaret og over Krohnegården. Sjåførane visste om oss, dei fekk verkstaden til å smørja grease på støtfangaren slik at vi ikkje skulle greia å halda oss fast. Men det varde jo ikkje så lenge, grease er råd å tørka av, nemleg.

Ikkje alltid gjekk det like bra, ”Møkkaen” skulle ”kjanke” bussen på spark, det var noko nytt. Han sat på setet på sparken og hadde spenntak med føtene heilt framme på tverroken mellom meiane, og så heldt han i et tau festa til støtfangeren på bussen. Dette gjekk bra nedoverbakke, men då det vart motbakke opp mot Wergelandgarden, då vart det hardare drag i tauet og spenntaket som ”Møkkaen” hadde framme på sparken vart og kraftigare, noko som resulterte i at sparken vart pressa ned framme og meiane rett opp bak¿.

Sparken tok eit tigersprang 40-50 meter inn på marka og vi som sto og såg på trudde at no var ”Møkkaen” død, men då snøspruten la seg såg vi at ”Møkkaen” framleis var bak bussen, men no sto han på begge beina og vart transportert så elegant som berre det på dei glatte støvleso-lane.

"Gutta boys" kunne det den gongen

Dette er første del av ei forteljing i tre delar om ein barndom i Fyllingsdalen på førti- og femtitalet.

_Visste du at Sponavika var førtitalets Mallorca? Eller at ein måtte reise med buss, båt og tog for å komma seg til Nesttun?

Dei kommande dagane kjem fleire historier frå Fyllingsdalen på førtitalet._

Har du barndomsminner frå Fyllingsdalen som du vil dele med andre? Skriv det inn i kommentarfeltet under, eller send det til lokal@bt.no

HARTVEIT
AUD SÆLENSMINDE