Båten låg fortøydd ved kaien kloss i sjøbua. Begge deler er eigd av Måløy-mannen Gunnar Carlson, som har bygd opp ein eksklusiv fritidseigedom ikkje langt unna United World College i Flekke i Fjaler kommune.

Eigaren oppheldt seg i hovudhuset eit steinkast unna hamna da brannen vart oppdaga av folk på andre sida av Flekkefjorden ved 23.30-tida om kvelden.

Politiet kom i går til brannstaden for å prøve å finne årsaka.

— Dei som oppdaga og melde frå om brannen har fortalt at den var i god utvikling, og at det var fyr både i sjøbua og i båten, fortel politibetjent Svein Erlend Rød, som i går ikkje kunne seie noko som helst om årsaka til brannen.

Båt til millionar

I båten og sjøbua var til saman rundt 4000 liter diesel, som dels brann opp og dels lak ut i fjorden. Båten vart liggjande delvis under vatn etter brannen. Båtfolk anslår at Sunseekeren hadde ein verdi på omkring ti millionar kroner.

Sjøbua vart oppført i fjor sommar, og var eit tradisjonelt grindbygg. I andre etasje var det innreie ei badstue, medan det i første var laga ein båtgarasje med innløp frå baksida. Her kunne opptil 18 fots store båtar manøvrerast rett inn.

— Det er trist å sjå dette gå opp i røyk. Alle dei bærasnde konstruksjonane var øksa for hand, og heile reisverket var samanføyd med trenaglar, fortel Ove Losnegård i Stiftinga Jensbua som bygde sjøbua i fjor sommar.

Gunnar Carlson er tidlegare eigar av skipsverftet Båtbygg AS på Raudeberg i Vågsøy, og har vore ein markant figur i næringslivet i Måløy. Han har også bak seg ein periode som lokalpolitikar for Høgre.

Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med Gunnar Carlson i går ettermiddag.

TATT AV FLAMMANE: Både den 58 fot store lystbåten av merket Sunseeker og den nyoppførte sjøbua stod i funn fyr da brannen vart oppdaga i Flekke i Fjaler søndag kveld. Politiet vil no prøve å finne brannårsaka. ODDLEIV APNESETH (foto)