• Spel på kreditt er ulovleg, seier Erik Mietle, administrerande direktør i Norsk Rikstoto. Men i det stille dekkjer Norsk Rikstoto over grove brot på reglane.

Laurdag ettermiddag, 17. februar 2001: Det er oppløp i sjuande og siste løp på Momarken trav-bane. I det skarpe flomlyset ligg Spang Best i teten, side om side med Dalar. Det er så jamnt som det kan bli. I Joker-butikken på Hop er faren for hjarteinfarkt akutt. Den harde kjernen i spelelaget til inne-havar Thor Solheim er samla rundt det digre fjernsynet på bakrommet. Spelelaget har satsa 40.000 kroner. Ingenting uvanleg i det, innsatsen ligg på dette nivået kvar einaste veke. Men no er det snakk om store pengar ý verkeleg store pengar. Dersom Spang Best vinn, kan dei ti andelshavarane dele tidenes tredje største Rikstoto-gevinst mellom seg: 13,6 millionar kroner. Spang Best og Dalar bryt mållinja heilt på likt. Ingen kan seie kven som kom først, vinnaren må peikast ut med målfoto.Fem ulidelege minutt. Så kjem målfotoet. Og for eit foto! Spang Best var best, Spang Best kom først, Spang Best har tråva inn tretten millionar sekshundreogsjutusen sjuhundreogfemti blanke kroner for gjengen på bakrommet. 13.607.750 kroner. Det er mykje, sjølv for storspelarar. Påfallande roleg vinnar Yrkesgamblar Øivind Grøstad frå Nittedal er ein av vinnarane. Gledeshylet hans den kvelden har sidan vore fast vignett for TV2s travsendingar. På Hop blir det feira med sigar, og pressefolka blir sleppt inn i det ytterst lite glamorøse spelerommet i nærbutikken. Det er berre to år sidan same gjengen vann 9,9 millionar kroner. Det blir 23,5 millionar kroner på to år. Ikkje dårleg. Men kommisjonær og tippelagssjef Thor Solheim framstår som ualminneleg kald og roleg. Han skal heim og ete middag med familien. ý Vi har tapt ein god del i det siste, så vi trengte ein siger no, seier han kort. Kommisjonæren er ærlegare enn nokon anar. Får galgenfrist Tre månader tidlegare, månadsskiftet november/desember 2000: To alvorlege menn blir sleppt inn på kontoret til administrasjonsdirektør Nils-Eric Hellman i Norsk Rikstoto i Sinsenveien 53 D i Oslo. Joker-kommisjonær Thor Solheim er den eine. Med seg har han sportssjef Torstein Pedersen i Bergen Travpark. Det er ei lei historie Solheim har å bere fram for Hellman: Han greier ikkje å gjere opp for seg. Vekeoppgjeret frå Rikstoto-omsettinga på Hop lar seg ikkje betale innan fristen. Pengane er ikkje der, slik dei skulle vore. Det er snakk om meir enn ein halv million kroner, det er vondt og vanskeleg. For retningslinjene frå Norsk Rikstoto er klinkande klare. Vekeoppgjeret skal inn på Rikstotos konto kvar tysdag. Rot med betalinga kan ikkje aksepterast. Og korleis kan det oppstå rot? Før det blir spelt på ein einaste hest skal innsatsen vere innbetalt til kommisjonæren. Kvar bidige krone. Utan betaling før startskotet går blir det ikkje noko spel. Slik er reglane, og slik har sty-resmaktene bestemt at det skal vere. Spel på kreditt er ikkje tillatt. Enkelt og greit. Skuldar på dårlege kundar Men så er det det som har hendt likevel, får Hellman vite. Solheim fortel at han har vorte lurt av gode kundar. Han har latt dei spele, mot lovnad om betaling i etterkant. Så har dei svikta ý pen-gane kom ikkje som dei skulle. Landets største Rikstoto-kommisjonær er i trøbbel, og legg fram saka si så godt han kan. Pro-blema er kortsiktige, pengane er på veg inn att, han treng berre ei utsetting, ei lita nedbetalings-avtale. Med ei spel-omsetting på mellom 25 og 30 millionar kroner i året går det kanskje an? Solheim veit godt at kredittspel kvalifiserer til å bli fråtatt kommisjonærvervet. Resultatet vil i så fall vere kroken på døra og tap av levebrød og arbeidsplassar. Og ikkje minst: Økonomisk misere både for han og Rikstoto. Viktig for Bergen Travpark For Bergen Travpark er heller ikkje situasjonen lysteleg. Dei får 90 prosent av inntektene sine frå Rikstoto-omsettinga på Vestlandet. I fjor fekk dei 25 millionar kroner på denne måten. Stenging på Hop vil merkast godt i kassen. Den berømte kommisjonæren har store kundar frå heile landet, kundar som kan forsvinne ut av distriktet.Direktør Hellman er streng. Han gjer det klart for dei to bergensarane at kredittspel er noko Norsk Rikstoto ikkje vil vite av. Punktum finale. Men han er ikkje heilt urimeleg heller. Solheim får ein galgenfrist: Skaff pengane faderleg fort, og slutt med alt som liknar kredittspel. Takk og farvel og god tur heim til Bergen. Eks-sjefen støtta opp For Solheim er situasjonen alvorleg. Det er snart to år sidan førre milliongevinst. Lykka har snudd. Gjennom heile jula strevar han for å få økonomien på beina att, utan stort hell. På nyåret går alarmen på ny i Norsk Rikstoto. Gjelda på Hop har nådd nye høgder. Summen er oppe i over 1,5 millionar kroner. Noko må gjerast. Solheim blir igjen kalla til Oslo. Denne gongen har han med seg Arne Hamre, dagleg leiar i Bergen Travpark AS. Hamre er ein kjent mann i korridorane til Norsk Rikstoto. Trav-veteranen frå Bergen vart kon-stitutert som toppsjef i organisasjonen midt på 90-talet, og sat i styret i to år fram til 1999. Han veit kva som står for spel for alle partar ý ikkje minst for sin eigen arbeidsgjevar, Bergen Trav-park. Og han nyt tillit. Stor tillit. Frykt for milliontap Toppsjefen i Norsk Rikstoto, Erik Mietle, er for lengst kopla inn. Drifta på Hop kan ikkje halde fram på denne måten.Samtidig ligg Norsk Rikstoto an til å tape eit millionbeløp dersom ikkje Solheim får ein sjanse til å rette opp skuta. Både Bergen Travpark og travsporten vil lide.Og korleis vil det ta seg ut om landets største, mest profilerte og suksessrike Rikstoto-kommisjonær går konkurs? Korleis skal dei forklare det?Alternativet er ein nedbetalingsavtale. Det er også problematisk. For kva om det kjem ut at Rikstoto inngår gjeldsavtaler med kommisjonærar som har rota det til for seg? Vil ikkje andre bli freista til å prøve det same? Den signaleffekten er alt anna enn ønskeleg. Verst er likevel forklaringa Thor Solheim ga før jul om korleis problema har oppstått: Kreditt-spel. Ulovleg kredittspel.I Norsk Rikstoto veg dei for og imot. Alt tyder på at Thor Solheim har gjort seg skuldig i gjen-tatte alvorlege regelbrot. Men er prinsippa så viktige at dei rettferdiggjer utestenging, med milli-ontap for Norsk Rikstoto og stor skade for Travsporten på Vestlandet? Svaret blir nei. Rikstoto vil prøve å berge det som bergast kan. Thor Solheim blir ikkje sparka ut, men i staden sett under hard administrasjon. Ein hemmeleg avtale blir inngått. Arne Hamre i Bergen Travpark blir utnemnt som ein slags personleg tilsynsførar for Solheim. Det blir slutt på dei vanlege rutinane med innbetaling av oppgjeret frå hestespelet ein gong i ve-ka. No er det stramme tøyler: Kvar einaste dag må pengane frå dagens spel hos Joker Hop setjast inn på ein avtalt konto. Dette skal kontrollerast av Arne Hamre personleg.Først når Arne Hamre har konstatert at pengane er på plass og har stadfesta dette over for Norsk Rikstoto, blir det opna for spel på Totomaten hos Solheim neste dag. Ingen må vite På denne måten kan Rikstoto kontrollere at det ikkje blir spelt for pengar som ikkje er betalt inn. Og viktigare: Dei får styring med provisjonen til Joker Hop. Den vanlege standardavtalen gir kommisjonærane 7,5 prosent av omsettinga. Dersom Thor Sol-heim har rett i at han omsette spel for mellom 25 og 30 millionar kroner i fjor, ga det mellom 1,9 og 2,3 millionar kroner i provisjon.Den hemmelege avtalen gjer at Norsk Rikstoto er sikra faste avdrag på gjelda.Men aller viktigast for alle partar er at hestehandelen må haldast hemmeleg. Ingen må få vite at Norsk Rikstoto dekkjer over ulovleg kredittspel for å unngå eigne tap. Kjent på travparken Den planen mislykkast. Styret og administrasjonen på Bergen Travpark blir orientert av dagleg leiar Arne Hamre om det som har hendt, og snart er historia kjent i travmiljøet. Også blant dei som vankar dagleg på bakrommet hos Joker Hop blir det snakka. ý Hamre ga oss ei munnleg orientering. Vi fekk vite at Solheim hadde vanskar med å halde be-talingsfristane, og det var snakk om ein avtale. Men dette er ikkje ei sak vi har noko slags ansvar for, understrekar styreleiar Otto Kjellby i Bergen Travpark. Også varamedlem John Blindheim i travpark-styret stadfestar at han fekk ei orientering om saka i vår, utan at han vil fortelje kva som vart sagt. Hos dei andre styremedlemmane BT har vore i kontakt med er det taust som i grava. Konfidensielt Solheims tilsynsførar, Arne Hamre, vil ikkje seie noko som helst.ý Eg skuldar ikkje Bergens Tidende noko forklaring om dette. Det du spør om er konfidensielle opplysingar som har vorte lagt fram for styret. Eg håpar fleire kjenner sitt ansvar i så måte. Eg vil korkje avkrefte eller stadfeste noko av det Bergens Tidende meiner å vite, seier Hamre. Dei mange kjeldene i norsk travmiljø som har fortalt Bergens Tidende den detaljerte historia om bergingsoperasjonen Norsk Rikstoto sette i verk for Thor Solheim, vil ikkje stå fram med namn. Dei ønskjer ikkje å ta den påkjenninga det er å vise fram dei mørkare sidene ved hestesporten. ý Eg rota det til for meg Dei offisielle kanalane er potte tette: ý Vi uttaler oss ikkje om forhold mellom oss og kommisjonærane. Det er eit veldig klart prin-sipp vi har, seier administrerande direktør Erik Mietle i Norsk Rikstoto. ý Eg har gjort opp for meg, og skuldar ikkje Norsk Rikstoto pengar. Denne saka er ute av verda. Eg har ikkje og har aldri hatt ein nedbetalingsavtale med Norsk Rikstoto, seier Thor Solheim.ý Eg hadde problem med å halde fristane, difor vart Totomaten min stengt tre-fire dagar. Så be-talte eg gjelda mi, og så fekk eg opne opp att, seier Solheim.Han nektar også blankt for at det har pågått kredittspel. ý Det var andre ting som gjorde at eg fekk problem med å gjere opp.ý Men du har sjølv sagt til ei lang rekkje personar at det var kredittspel som førte til problema? Og du har sjølv brukt den forklaringa i møte med Norsk Rikstoto? ý Eg hadde rota det til for meg sjølv, og sleit forferdeleg. Då var det lettast å seie at eg hadde vorte lurt av spelarar, seier Thor Solheim i dag. Nektar for alt Bergens Tidende prøvde torsdag kveld å få eit nytt møte med Thor Solheim for å spørje om de-taljane rundt betalingsproblema. Men Solheim kunne ikkje ta imot besøk. ý Det er løp på Bergen travpark no. Det er fullt køyr her, eg har rett og slett ikkje tid, sa Sol-heim over telefonen frå butikken. Ein time seinare ringjer han opp. Han held fast ved at han aldri har hatt ein spesialavtale med Norsk Rikstoto, at han aldri har fått kutta i provisjonen sin, og at Arne Hamre aldri har hatt noko ansvar for å sjå til at omsettinga blir betalt i tide til Norsk Rikstoto. Det einaste Thor Solheim ikkje sår tvil om, er at draumen om nye eventyr-gevinstar lever vidare i beste velgåande på bakrommet hos Joker Hop. Den draumen deler han med mange, og det veit han. Thor Solheim tok farvel på denne måten etter det einaste møtet vi fekk med han ansikt til ansikt: ý Eg skulle gjort mykje for å sleppe ei sak som dette i avisa. Eg kan gjere deg til millionær, om så skal vere.

Thor Solheim (t.v.) sat i realiteten i milliongjeld til Norsk Rikstoto då han feira den eventyrlege gevinsten med Dan Frode Pedersen og resten av tippelaget i februar.
Eirik Brekke