— Nei, her er det ikkje mykje å gjera, var Gjert Tofte sin første kommentar då han i går føremiddag var tilbake på branntomta i Toftevågen, nyss heimkomen frå sjukehusopphald på Stord.

Svidd i håret, med røykskader i lungene og med nyinnkjøpte klede tok 85-åringen dei sørgjelege restane av heimen sin i augnesyn. Den velhaldne sprekingen på Buneset tapar verdiar for opp mot to millionar kroner i brannen. Det 30 år gamle huset var ikkje forsikra.

Dramatisk

Det var dramatisk for den spreke enkemannen då brannen starta mellom klokka 4 og 5 tidleg onsdag morgon. Han blei vekt av røykvarslaren i gangen, og møtte eit tjukt røykteppe i stova. Tofte skjøna at det var oljefyren i kjellaren som var brannkjelda, og ville prøva å sløkkja.

— Men det var håplaust. Varmt og masse røyk. Det var då eg fekk giftige gassar i lungene, fortel Gjert Tofte til Bergens Tidende.

85-åringen følte seg fram til verandadøra, og greidde å koma seg ut, berre iført nattskjorta. Tofte heldt i rekkverket og slapp seg to og ein halv meter ned i snøen på bakken. Med skrubbsår på beina og så å seia naken oppsøkte han naboen og fekk varsla om brannen.

— Brannfolka kom etter ein halv time, då var eg på veg til sjukehuset, forklarar Tofte, som meiner at brannårsaka er at eit oljerøyr sprang lekk i oljefyren.

Måndag kjem spesialetterforskarar frå Hordaland politikammer for å freista å klargjera brannårsaka.

Leita etter kontantar

I går iførte Gjert Tofte seg kjeledress og sjøstøvlar på jakt etter verdiar som kunne reddast ut av det brannherja huset. Blant anna hadde han sølvtøy, antikvitetar og to lommebøker liggjande i huset. Ingen ting fekk han med seg ut før han måtte hoppa, ikkje ein gong høyreapparatet.

— Eg vil ikkje seia kor mykje pengar det var i lommebøkene, seier 85-åringen lurt. Han minnest eit tjuveri av 80.000 kroner frå huset sitt i forfjor. Tofte har peikt ut ein person som han meiner var tjuven, men hevdar at lensmannskontoret kom altfor seint inn i etterforskinga.

Usikker på nybygging

Kystskipper Gjert Tofte er usikker på om han sjølv vil byggja nytt hus på branntomta. Han har eit husvære i plastbåtfabrikken like ved, men det må setjast i stand før han eventuelt kan flytta inn der. I mellomtida får han bu hos slektningar, i går natt budde han hos Kristen og Jan Koløy. Gjert Tofte er onkel til Frp-politikar Koløy.

Gjert Tofte eig det meste av Buneset i Toftevågen, inkludert fabrikkbygningen der Fiberplast Halsnøy AS har halde til inntil no. Ved kaien ligg hans kjære motorskøyte «Atlanta», som Tofte så seint som i fjor utførte 30-40 fraktoppdrag med.

TOTALSKADD: Snart 86 år gamle Gjert Tofte må innsjå at verdiar for innpå to millionar kroner gjekk tapt i brannen. Huset var ikkje forsikra. Tofte berga livet ved å hoppa ut frå verandaen oppe til venstre.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR