Ein dryg månad etter ulukka er flyplassen 600.000 kroner i minus. Det er harde tal for den vesle lufthamna. Den var kraftig pressa økonomisk allereie før tragedien, som kosta fire personar livet. Flyplassjef Jan Morten Myklebust håpar at eit erstatningskrav mot Atlantic Airways skal skaffa pengane tilbake.

Formulerer kravet

— Eg ser på det som logisk at me via Atlantic Airways sitt forsikringsselskap skal få tilbake dei tapte inntektene som ulukka har påført oss, seier han.

Flyplassjefen håpar også at forsikringsoppgjeret vil dekkja skaden på innflygingslysa som vart slått ut av havariet.

— I desse dagar er me midt inne i prosessen med å formulera kravet. Kor mykje det kjem på er enno ikkje avklara, seier han.

Direktør Magni Arge i Atlantic Airways hadde ingen kommentar til forsikringskravet då BT snakka med han tysdag.

Stord lufthamn Sørstokken sin inntektssmell kan direkte tilskrivast Aker Kværner si avgjerd om å flytta charterflygingane sine med Atlantic Airways frå Stord til Haugesund. Mange av dei tilsette som jobbpendlar til Alta og Molde vart redde for å reisa over Sørstokken etter havariet. I følgje Aker Kværner sin informasjonsdirektør Torbjørn Andersen står dette framleis ved lag.

— Inntil vidare brukar me Haugesund framføre Stord på denne typen flygingar, stadfestar han.

Informasjonssjefen innrømmer at dette er ei avgjerd som på eitt eller anna tidspunkt skal opp til vurdering.

— Men me har ingen planar om å endra på forholdet no, slår han fast.

Alle avtalar på bordet

Også i Aker Kværner er forsikringsprosessen i gang i kjølvatnet av ulukka.

— Overlevande, pårørande og etterlatne er kontakta. Me har informert om kva forsikringar Aker Kværner har i forhold til sine tilsette. Alle våre folk er sjølvsagt forsikra, opplyser Andersen.

Så langt har ikkje informasjonsdirektøren fått signal om at nokon av dei involverte kjem til å fremja erstatningskrav mot Aker Kværner, utover det ordinære forsikringsoppgjeret.

Leiar Kristian Pedersen i LO-klubben i Aker Kværner meiner forsikringsspørsmålet er godt ivareteke.

— Konsernet har på eige initiativ gått i bresjen for å få alle forsikringsavtalar på bordet. Mange er omfatta av fleire avtalar, så dette er eit omfattande arbeid, påpeikar han.

— Så du fryktar ikkje at folk ikkje skal få det dei har krav på?

— Nei, på ingen måte.