Fylkesrevisjonen i Hordaland har granska prosjektet og slår fast at det er mange ting å setja fingeren på. I forkant var den samla kostnaden sett til 20 millionar kroner. No er prislappen oppe i over 40 millionar. Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune skal handsama rapporten frå fylkesrevisjonen på eit møte i dag.

Pengesluk for fylket

Det var Fylkestinget i Hordaland som bad om at saka vart granska. Fylkestinget har tre gonger måtta auka kostnadsramma, frå 20 millionar i 2001 til 27,5 millionar til 35 millionar til svimlande 41 millionar. Kabuso er finansiert av Hordaland fylke, Kvam herad og staten i fellesskap. Fylket sine utgifter har auka frå ti millionar til 23,3 millionar kroner.

Luftige analysar

Av revisjonsrapporten framgår det at heile prosjektet var basert på nokså luftige og urealistiske økonomiske analysar. Det var mellom anna ikkje tatt omsyn til at dei arkitektoniske ambisjonane kanskje var større enn pengebingen. Det vart utlyst ein arkitektkonkurranse, men arkitektane som deltok, fekk ikkje klare meldingar om kva for kostnadsrammer dei skulle halde seg innanfor.

Kalkylen var heller ikkje kvalitetssikra av fylkesbyggesjefen. Kostnadssprekken har dessutan forseinka framdrifta, og forseinka framdrift har gitt nye kostnadsoverskridingar. Det er enno ikkje klarlagt om det kan koma nye rekningar på bordet. Utearealet skal enno ikkje vera heilt ferdiggjort.

Etter fylkesrevisjonen si meining burde fylkesbyggesjefen ha engasjert seg meir aktivt i planlegginga av bygget. I dette tilfellet har mykje vore styrt av kulturseksjonen, mens det er fylkesbyggesjefen som sit på ekspertisen når det gjeld planlegging av slike bygg.