Kostnadene med å reparere skadane vil ingen spekulere i, men medrekna eit omfattande oppryddingsarbeid, er det snakk om millionar.

— Det kan sjå ut til at fleire rasvollar og murar er skadde. Skadane må utbetrast, men det er eit arbeid som neppe kan gjerast før til sommaren, trur geolog Sven Helge Frækaland i Statens Vegvesen.

Magasin må tømmast

Kjøsnesfjorden er kjent som ein av dei mest rasutsette riksvegstrekningane i Sogn og Fjordane. Fleire stader er det laga overbygg og bygt tunnelar for å verne mot skred. I tillegg er det også laga ei rekkje svære rasvollar og bygt opp murar for å hindra at ras når vegbana. Bak vollane og murane ligg det store magasin for å gje plass til snøfonnene som erfaringsmessig kjem kvar vinter.

— Sikringstiltaka har fungert, sjølv om vollane og murane først og fremst er bygde med tanke på å stoppe snøskred. Men dei fleste magasina er fulle av jord og stein. Desse må tømmast relativt raskt, før vinteren set inn for alvor. Elles vil snøskreda gå over dei, seier Frækaland.

Rive i plastringane

Dei siste av sikringstiltaka langs Kjøsnesfjorden blei ferdigstilte for eit par år sidan.

— Det kan sjå ut til at rasa har rive i plastringane på vollane og murane. Men kor omfattande skadane er, kan vi ikkje seie før vi har fått tømt magasina for masse, seier byggjeleiar Magnar Hellebust i Statens vegvesen.

Distriktsvegsjef i Fjordane, Oddvin Ylvisåker, seier vegvesenet no vurderer å sikre ein 500 meter lang strekning forbi Stølsneset. Her har det tidlegare skjedd to alvorlege ulukker, og dette området var også der det rasa som verst søndag.

Vegvesenet starta i går morgon arbeidet med å rydde vegen i Kjøsnesfjorden, men fri ferdsel forbi rasområdet blir det neppe før i dag.

OMFATTANDE SKADER: Fleire av sikringstiltaka som er bygt i Kjøsnesfjorden er blitt skadde i rasa som gjekk søndag. Reparasjon av rasvollar og murar vil truleg først starte til våren.