— Eg har veldig lyst til å få dette til å gå. Det er skisenteret som held næringslivet oppe i bygda vår. Når det stengjer på Folgefonna for sesongen, er det som å slå av ein brytar. Det blir heilt daudt, seier Alv Espeland.

Tar permisjon

Han har fått permisjon frå teknisk etat i kommunen dei tre neste somrane for å drive skisenteret med kona si Helga. Ho er tilsatt som dagleg leiar i skisenteret.

Saman med dei to nabofamiliane Espeland og Flatabø har ekteparet satsa 900.000 kroner på skianlegget, altså 300.000 kroner per familie.

I tillegg har driftsselskapet (der dei tre familiane eig til saman vel 80 prosent) lånt 1,6 millionar kroner for å få skisenteret på fote igjen etter ein dårleg fjorårssesong.

Gratis barnetrekk

— Vi har investert i mellom anna nye, flotte carvingski til utleige, trakkemaskin, snøscooter, oppussing i cafeen og eit barnetrekk på 130 meter, som ungar og nybyrjarar skal få bruke gratis, seier Espeland.

Etter fleire år med minustal, og to konkursar sidan midten av 80-talet, gjekk skisenteret med overskot både i 1999 og i 2000. Desse to åra var det Espeland som hadde ansvar for drifta. I fjor overtok sonen og nokre kameratar ansvaret. Det endte med 300.000 kroner i underskot.

— Dei hadde ein del problem med maskinane, og så var det lite snø. Senteret måtte stengje alt 25. juli, forklarar bonden.

Han fryktar ikkje at det same skal skje i åra fremover. Målet er å gå med 500.000 kroner i overskot alt etter denne sesongen, som starter i morgon med 17. mai-feiring og rømmegraut.

Fulle snowboardcampar

For å nå ambisjonen, er driftsselskapet avhengig av at senteret kan halde ope heilt til sommaren vert avlaust av haust.

— Vi må halde ope ut juli for å gå i null. Alt utover det er plussdagar. No held eg på å flytte snø til dei områda der vi veit at blåisen kjem fram først, og i åra framover vil vi lage vollar om vinteren som hindrar snøen i å blåse ned i dalen, sier Espeland.

Det er Jondal kommune og investor Svein Erik Stiansen frå Oslo som eig skisenteret, men kommunen ser seg ikke råd til å drive det. Difor leiger Espeland og naboane senteret av dei, og ting tyder på at bøndene vil få det til å svinge på breen denne sesongen.

— Vi har tre snowboardcampar i juli, som ligger an til å bli heilt fulle. Dei har aldri vore heilt fulle før. I tillegg veit vi om fleire lag som kjem hit for å trene, mellom anna alpinlandslaget og kanskje skiskyttarane. Eg er veldig positiv og trur dette er liv laga, seier Espeland, som også driv campingplass på garden sin nokre kilometer nedanfor skisenteret.