I går la selskapet fram eit halvårsrekneskap med 10,6 millionar kroner i pluss. Dette er 3,7 millionar kroner betre enn rekna med i budsjettet. Redusert vrakprosent på felgane er ein viktig årsak til det gode resultatet.

Direktør Arvid Ullebø slår fast at det er stor etterspørsel etter bilfelgar frå Høyanger. I første halvår har selskapet fått avtaler om felgleveransar til nye bilmodellar av både Audi og Volvo.

— Dette viser at bilprodusentane har tillit til oss, meiner Ullebø.

Men internt hos felgprodusenten er tingenes tilstand ikkje fullt så sterkt prega av tillit for tida. Etter at Erik Flæthe, tilsetterepresentant i styret, sist veke gjekk ut og bad bedriftsleiinga vurdere stillingane sine, har dei tilsette delt seg i to leirar.

Seks fagforeningar gav før helga si støtte til bedriftsleiinga. I ei pressemelding kritiserte foreiningane sine eigen styrerepresentant for å ha handla illojalt og uklokt. Dette førte igjen til at fire styrerepresentantar i Kjemisk forbund gjekk ut og tok avstand frå det fagforeiningane hadde gjort.

Deler av striden har sin bakgrunn i at dei tilsette ikkje lenger vil vere med på ei ordning med resultatløn. Då felgfabrikken i fjor hadde kroken på døra, blei det inngått ein avtale om at bedrifta kunne nytte ti prosent av løna til dei tilsette for å nå budsjettmåla. Dersom måla blir nådde, skal arbeidarane ha løna tilbake. Kravet frå dei tilsette om å seie opp avtalen, er møtt med ei kald skulder av Fundamus-leiinga. I følgje Firda har leiinga gjort det klart at avtalen ikkje kan seiast opp.

Fundamus blei i fjor berga frå konkurs ved at Høyanger kommune kom inn som den største eigaren. Også Sogn og Fjordane fylkeskommune har ein eigardel i industribedrifta.