EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bergens-tidende.no

Skrapjernet skriv seg frå ein mislykka opphoggingsoperasjon i mai i fjor. Det vil truleg koste eit millionbeløp å få stålet, som ligg i to store bitar på 1500 tonn kvar, opp frå sjøen.

Dei to ståldelane skriv seg frå den gamle flytedokka på Laksevåg Verft frå 1936. Hjørnet av den eine seksjonen ligg berre fire meter under sjøoverflata, og må fjernast for at store skip skal kunne leggje til ved kaien.

Laksevåg Verft søkte først om å få dumpe dokka i sjøen. Men Fylkesmannen i Hordaland kravde at konstruksjonen vart hoggen opp.

Kostbart Oppdraget gjekk til Oslo-selskapet Euro Scrap A/S, som fekk 1,5 millionar kroner for jobben. Dei gjorde i sin tur ein avtale med Kværner Oil & Gas om å få bruke eit område på Hanøytangen til jobben.

Alt var vel og bra heilt til Euro Scrap A/S i mai i fjor skulle sprengje dokka i fleire bitar med dynamitt, for lettare å kunne handtere henne. Det gjekk ikkje betre enn at to store seksjonar av dokka sokk rett til botnar utanfor kai 1 på Hanøytangen.

– Bitane veg ca 1500 tonn kvar, og måler 50 x 20 meter, seier Magne Strand i Euro Scrap.

Pengekrangel Alt tyder på at den nødvendige hevinga vil vere eit tapsprosjekt, sjølv om skrapjernet har ein viss verdi. Einar Torsvik i Maritime Group meiner operasjonen vil koste eit millionbeløp.

– Det kostar 350.000 kroner berre å få ein hevingsbåt opp dit. I tillegg kjem ein dagpris på 150.000 kroner, seier Magne Strand i Euro Scrap.

Tusenkronerspørsmålet blir kven som får rekninga.

Euro Scrap A/S gjekk konkurs i haust, og konkursbuet står i dag som eigar av det undersjøiske stålet. Om dei har midlar til å utføre arbeidet er uvisst.

Kværner Oil & Gas, som leigde ut området til Euro Scrap, er ikkje interessert i punge ut:

– Juridisk er ikkje dette vårt ansvar, seier direktør Are Dagfinn Dahl.

– Alvorleg Mjellem & Karlsen Eiendomsutvikling, som i si tid åtte dokka, vil i alle fall ikkje betale.

– Euro Scrap tok over alt ansvar i det dei løyste fortøyingane til dokka, seier Helge Stokke hos Mjellem & Karlsen.

A/S Hanøytangen, som eig området, seier dei er heilt ukjent med det som skjuler seg på sjøbotnen.

– Eg ser alvorleg på at vi ikkje har vorte orientert om dette uhellet. No må vi vurdere jussen og sjå om det bør rettast krav mot nokon, seier administrerande direktør Asbjørn Algrøy i A/S Hanøytangen.