14. januar 1995. Henrik Rønningen har nett sett favorittlaget Liverpool tape 0-1 mot Ipswich. Han er på forseinka julebord med jobben på Pers Hotel på Gol. Mismodig og vonbroten har han trekt seg attende til rommet. Så ringjer telefonen. Mannen i andre enden presenterer seg som bodbringar frå Norsk Tipping. Han spør om Henrik har sjekka Lotto-kupongen.

— Du kan seie at sorg vart vendt til glede på rekordtid, seier Rønningen.

Les også:

Bomtur for bensin — lykketreff i Lotto

35.000 på fest

Knapt 1,4 millionar kroner hadde han vunne. Julebordet som Liverpool hadde kvelt, kvikna til att. Henrik Rønningen vart festens midtpunkt. Han brukte 35.000 kroner på to dagar. Eit 80-årslag vart påspandert sjampanje av ein framand villstyring frå Årdal.

— Det var verdt det, slår Henrik Rønningen fast.

Det er 16 år sidan han vart den første millionvinnaren frå Årdal, og sjølv om 35.000 av premiekronene aldri rakk å kome på konto før dei var oppbrukte, har resten yngla. Henrik Rønningen er blitt eigedomsbaron i heimbygda.

Saman med tre kameratar eig han ei rad bygningar i Årdal sentrum. Der andre får tiggarbrev, fekk Henrik ein kamerat på besøk. Det var han som føreslo investeringa, som altså blei starten på eit lite eventyr.

Livsdefinerande

Henrik Rønningen er kanskje ein utypisk millionvinnar, men han er typisk speleinteressert årdøl. I botn ligg fotballinteressa. Henrik er oppvaksen med Tippekampen, ihuga Liverpool-tilhengjar, økonomiansvarleg i Årdal Fotballklubb. Han vann sin første tippepremie som 13-åring. 17.000 kroner gjekk han rundt med i lomma på skulen. Foreldra blei varsla.

Sidan har det gått han vel i livet. På somme unntak nær. Millionpremien skaffa han så mykje arbeid at han aldri var heime. Ekteskapet rauk.

— Og eg har ingen andre å skulda på enn meg sjølv, seier Henrik.

Les også:

Vant 1,3 mrd i lotto

Slik vart Lotto-pengane livsdefinerande på både godt og vondt.

Rønningen har varme kjensler og sterke band til bygda si. Lotto-premien gav han sjansen til å påverka Årdal-samfunnet meir enn han elles hadde kunna.

Premie er påfyll

— Eg gjer dette fordi eg er glad i bygda mi. Årdal er ein fantastisk plass å bu. Her er trygt å veksa opp med skule, idrett og kultur, og med flinke folk i mange posisjonar. Misunning finst her som i andre bygder. Ein må til storbyen for å unngå det, reflekterer Rønningen, som har halde fram i vanleg arbeid. Den gamle "omnsgjetaren" på Hydro fekk luftvegsplager og er i dag driftsleiar i Årdal Gods og Spedisjon.

Les også: Bergenser vant 15,8 millioner i Lotto

-Eg lever av det eg tener. Det eg vinn, er påfyll. Økonomi er ikkje vanskeleg. Det handlar om å få inn meir enn det som går ut. Eg trur dei fleste i Årdal er fornuftige nok til å forstå det.

Tippar for 150.000 i året

1-2-5-9-10-19-21-23-24. Det er vinnarrekkja til "Lotto-Henrik" frå 1995. Den er støtt i bruk, og innimellom vankar det nokre småpremiar. Dei større premiane dreg Henrik på andre spel. Litt tipping, mest odds. Han brukar rundt 150.000 kroner i året på pengespel, og går med solid overskot.

— Følgjer du litt med, treff du med åtte av ti kampar, seier Henrik Rønningen rutinert.

Han køyrer Mercedes. Bilen er 11 år gammal, og han har ikkje tenkt å byta han ut om han så vinn 40 millionar.

— Heller vil eg då sitja i baksetet på ei drosje med ein dram.

Det slepp han å spørja om lov til. Henrik eig drosjene i Årdal.